Hopp til innhold

Nye hatske utfall mot Israel

Irans president Mahmoud Ahmadinejad kom med nye hatske utfall mot Israel og vestmaktene under markeringa av dagen til dei væpna styrkane i landet i dag.

Irans president Mahmoud Ahmadinejad

Mahmoud Ahmadinejad gjekk i kjend stil hardt ut mot Israel og USA under markeringa av hærens dag.

Foto: MORTEZA NIKOUBAZL / REUTERS

Hærens dag i Teheran 18. april 2010.

Iranske soldatar i kamuflassjeutstyr under paraden.

Foto: Vahid Salemi / AP

- Sionistregimet er på veg mot kollaps, sa den iranske presidenten då han talte ved grava til ayatolla Khomeinin i dag tidleg. Han gav som vanleg Israel, USA og andre vestlege land skulda for det meste som er gale i verda i dag.

Ahmadinejad har tidlegare sagt at holocaust er ein myte som er skapt som eit påskot til å oppretthalde statten Israel.

LES OGSÅ: Vil møte Ahmadinejad om holocaust

LES OGSÅ: Møte kan ende i atombombe

- Mordarstat

I dag kalla han Israel for «den jødiske mordarstaten», og sa at Israel har hovudansvaret for alle konfliktene i Midtausten. Han bad også alle utanlandske styrkar om å trekkje seg ut av regionen.

Ahmadinejad fylgde opp seinare på dagen då han talte til folkemengda under ein gedigen militærparade i sentrum av den iranske hovudstaden Teheran i samband med hæren sin dag. Her sa han blant anna at Iran har ei så sterk militærmakt at ingen land vil ta sjansen på å gå til angrepet på dei.

Mahmoud Ahmadinejad saman med miltære toppar.

Mahmoud Ahmadinejad (t.h.) saman med militære sjefar under paraden.

Foto: MORTEZA NIKOUBAZL / REUTERS

- Dei væpna styrkane i Iran er så sterke at fiendane våre ikkje ein gong vil tenkje på å krenkje vårt territorium, sa Ahmadinejad blant anna i talen sin.

Atomvåpen

Spenninga mellom Iran og dei vestlege landa er stadig aukande. Iran nektar å gi opp den kontroversielle opprikinga av uran landet held på med, og dette blir tolka som om at Iran er i ferd med å utvikle atomvåpen.

Iranske styresmakter nektar for å utvikle atomvåpen, og seinast i går sa den øvste leiaren i landet, ayatollah Ali Khamenei, at det er i strid med islam å bruke atomvåpen. Men det er få som trur på forsikringane frå det iranske regimet.

Irans soldat paraderer i Teheran på hærens dag.

Soldatar med roser i geværløpet under pararden.

Foto: BEHROUZ MEHRI / AFP

Både USA og Israel har gjort det klart at dei ikkje kan akseptere at Iran blir i i stand til å produsere atomvåpen, og ingen av landa har utelukka eit militært angrep på Iran.

LES OGSÅ: - Vesten vil angre sanksjonene

LES OGSÅ: - Tviler på Irans atompåstander

MIlitærparade

Iranske soldatar pararderte i dag framfor podiet der Ahmadinejad stod saman med dei mektigaste offiserane. Nokre soldatar var kledde i grøne uniformar, andre i kvite og andre igjen i raude, slik at dei saman utgjorde fargane i det iranske flagget. Andre soldatar var i kampuniform og kamuflaskedrakter.

Shahab 3-raketten vart også vist fram. Denne raketten har ei rekkjevidde på rundt 2000 kilometer og kan nå både Israel og amerikanske basar i Midtausten.

Helikopter flaug over paraden, og fallskjermsoldatar landa i nærleiken av grava til ayatolla Khomeini.

Iran viste fram dei langtrekkjande rakettane sine.

Iran viste fram dei langtrekkjande rakettane sine i paraden.

Foto: BEHROUZ MEHRI / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt