Hopp til innhold

Nye bombetrugslar mot Eiffeltårnet

Turistar vart evakuerte frå Eiffeltårnet i Paris etter nok ein falsk bombealarm, melder fransk politi.

Eiffeltårnet evakuert etter bombealarm

Turistar står samla utanfor Eiffeltårnet etter ein bombetrugsel den 14.september 2010.

Foto: PATRICK KOVARIK / Afp

Det er andre gong det franske landemerket vert evakuert grunna tomme bombetrugslar denne månaden.

Ein anonym innringjar varsla tysdag om at det låg ein mistenkeleg pakke inne i tårnet. Etter ei grundig gjennomsøking fastslår politiet at det var falsk alarm.

Førre gong måtte 2000 turistar evakuerast. Spesialstyrkar gjennomsøkte også då tårnet med bombehundar, men fastslo at det var falsk alarm.

Det 324 meter høge Eiffeltårnet er ein av dei mest populære turistattraksjonane i Frankrike, med over 5,5 millioner besøkande kvart år.

Tårnet husar også radio- og tv-antenner, ein meteorologisk stasjon og restaurantar.


SISTE NYTT

Siste nytt