Hopp til innhold

Nye bilde frå hotellrommet: 23 våpen, ein hammar og eit brev

Nye bilde frå hotellrommet i Las Vegas, viser våpenarsenalet til massemordaren Stephen Paddock. Og kanskje det som er eit sjølvmordsbrev.

CRIME SCENE IMAGES FROM STEPHEN PADDOCK'S LAS VEGAS HOTEL ROOM

POLITIETS BILDE FRÅ HOTELLROMMET: I den venstre sirkelen kan ein sjå ein hammar gjerningsmannen truleg brukte til å knuse vindauget på hotellrommet. Sirkelen til høgre viser det som truleg er eit brev. På golvet ligg det som truleg er to AR-15, som er den sivile og halvautomatiske versjonen av militærvåpenet M-16. Med tofot, fremst på løpet som gjer at ein kan skyte meir stabilt. Nede til høgre kan ein sjå buksebeina til gjerningsmannen.

Det var Fox 25 i Boston som fekk tak i bilda frå politiet, som viser hotellrommet til Stephen Paddock etter massakren.

59 menneske vart drepne og 527 vart såra.

Det eine bildet viser gjerningsmannen på golvet med to rifler, og tomme patronhylser.

Ekspertar NRK har snakka med seier det truleg er to halvautomatiske AR-15, som mellom anna blir produsert av Colt.

Det er ein sivil halvautomatisk versjon av det kjende automatgeværet M-16, som blir brukt av den amerikanske hæren.

Begge våpena er utstyrt med tofot og kikkertsikte som, gjev auka stabilitet og treffsikkerheit, når ein skal skyte frå lengre distansar.

Våpenekspert Ryan Cleckner seier til Fox News at dette er relativt dyre våpen:

– Du må ut med nokre tusen dollar for ei slik rifle, og tofoten og kikkertsikte kan tyde på ein plan om å skyte presist frå ein lengre distanse.

Til venstre på bildet kan ein også sjå ein gul og svart hammar. Truleg var det den Paddock brukte for å knuse vindauget på hotellrommet.

Til høgre på eit bord ligg det som ser ut som eit brev, og det blir no spekulert i fleire konservative medium om gjerningsmannen har skrive ein beskjed før han tok sitt eige liv.

CRIME SCENE IMAGES FROM STEPHEN PADDOCK'S LAS VEGAS HOTEL ROOM

AR-15: Øvst ser vi våpenet frå hotellrommet til gjerningsmannen. Nedst ein illustrasjon av dette våpenet med sikte og tofot.

Lenestolar fulle av våpen

Eit anna bilde viser lenestolar med fleire våpen. På bakken ligg det som truleg er ein sivil versjon av det amerikanske forsvaret sin M-4. Dette er ein kortare versjon av M-16, som ofte blir brukt av spesialstyrkar i taktiske operasjonar.

Den ser ut til å vere utstyrt med kostbart ekstrautstyr, som eit raudpunktsikte, som ifølgje ekspertar NRK har snakka med er lite eigna for langt hald.

I tillegg er rifla utstyrt med flammedempar på tuppen, som vil gjere munningsflammen vanskelegare å oppdage. Dette er standardutstyr på dei fleste slike gevær.

Våpen på hotellrommet i Las Vegas

STORT VÅPENARSENAL: Våpen i lenestolane og på golvet. I bakgrunnen kan ein skimte ein stabel med høgkapasitets magasin. Desse kan truleg romme mellom 60 og hundre patronar. Våpenet på golvet er truleg ein sivil versjon av M4, med handbeskyttar, som gjer at ein kan fyre av våpenet, sjølv om løpet blir varmt.

Våpenet har også ein «handguard», eit grep framme på skjeftet, som gjer at ein kan fyre av mange skot utan at ein brenn seg på fingrane, sjølv om geværløpet blir varmt.

Gjerningsmannen har også ein hanske på venstre hand, noko som tyder på at han venta det ville bli varmt å halde våpenet.

Truleg har våpenet også eit Surefire magasin med kapasitet på 60 til 100 skot, som er meir enn dobbelt av det vanlege.

Semiautomatic rifle

BUMP STOCK: Paddock skal ha sett på noko som blir kalla ein «bump stock» på fleire av våpena sine. Dette for å gjere det enklare å skyte fortare, samtidig som det blir vanskelegare å sikte. Bildet er frå våpenbutikken North Raleigh Guns.

Foto: Allen Breed / AP

Geværet er også utstyrt med ein «bumpstock», som manipulerer rekylen slik at skyttaren får «hjelp» til å skyte fortare med halvautomatiske våpen. Men det går på bekostning av treffsikkerheita.

Nyheitsbyrået Ap melder at gjerningsmannen hadde to «bumpstockar», som kostar under tusen kroner stykke.

Ifølgje Ap er dette lovleg, men lite brukt ekstrautstyr.

Sette opp kamera utanfor hotellrommet

Paddock skal ha sett opp fleire kamera før han opna eld mot dei 22 000 tilskodarane på countryfestivalen.

Utanfor hotellrommet hadde han sett opp to kamera i korridoren, eit av dei i ei matvogn, i tillegg til eit i kikkeholet i døra til suiten hans.

Politiet seier dette var for å sjå når eventuelle naudetatar eller sikkerheitsvakter ville nærme seg.

– Eg regner med han lette etter nokon som ville arrestere ham, sa Las Vegas Sheriff Joseph Lombardo under ein pressekonferanse.

FN-USA reklame

MILITÆRE VÅPEN: Det vart også rapportert om funn av våpen av typen FN-15 på hotellrommet. Dette er som dei andre militære våpen, som er tilgjengelege i sivile halvautomatiske versjonar i USA. I Nevada treng ein ikkje spesielle løyver for å kjøpe slike våpen, og ein kan kjøpe så mange ein vil.

Foto: Faksimile

47 skytevåpen

Tysdag vart det kjent at politiet beslagla både våpen, tusenvis av patronar og bombeframstillande materiale frå Paddocks heim og hotellrom.

Natt til onsdag bekrefta politiet beslag av til saman 47 skytevåpen.

Det er framleis ikkje bekrefta kva type våpen det var snakk om. Men fleire medium rapporterer om at det er funne fleire ulike våpenmerke, mellom anna den russiske armerifla AK-47, amerikanskproduserte FN-15 og Sig Sauer.

Produsenten av FN-15, seier den er designa for å tole dei tøffaste slagmarkene i verda.

SISTE NYTT

Siste nytt