Hopp til innhold

Tyrannosaurus rex var treigare enn kva ein har trudd – eit menneske hadde klart å halda fylgje

Nederlandske forskarar har funne ut Tyrannosaurus rex hadde lågare gangfart enn kva ein har trudd. – Ein fantastisk konklusjon, seier norsk dinosaurekspert.

Nederlandske forskere har funnet ut at en tyrannosaurus rex gikk så sakte at et menneske trolig kunne løpt fra den. Video: Naturalis.nl

Nederlandske forskarar har funne ut at ein Tyrannosaurus rex gjekk så sakte at eit menneske truleg hadde klart å halda følgje. Video: Naturalis

I motsetnad til kva som blir vist i populærfilmane, var den gigantiske kjøtetande dinosauren frå krittperioden endå treigare enn kva ein tidlegare har antatt.

Mest sannsynleg hadde Tyrannosaurus rex ein fart som var omtrent lik gangfarten til eit menneske.

Forskarane har arbeida med ein tredimensjonal datamodell av «Trix», som er det einaste komplette Tyrannosaurus rex-skjelettet i Europa, på det nederlandske museet Naturalis.

– Her fjernar ikkje forskarane seg frå objekta. Då blir det meir truverdig med ei gong. Då veit dei kva dei snakkar om og kva dei driv med.

Det seier Jørn H. Hurum som er paleontolog og professor ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Jørn H. Hurum er norsk paleontolog og vitskapsformidlar. Han jobbar som professor ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Jørn H. Hurum er norsk paleontolog og vitskapsformidlar. Han jobbar som professor ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Går i «menneskefart»

Forskaren Pasha van Biljert la til datakonstruksjonar av musklar og leddband for å finna ut kva dinosauren sin føretrekte gåfart var.

Konklusjonen er at dinosauren gjekk med ein fart på 4,61 km/t – nær gåfarten til eit menneske.

– Det er kjempespennande. Og litt edrueleg også. At dei finn ut at han går litt saktare. Eg likar det. At det ikkje alltid skal vera at han sprang endå fortare, eller beit endå hardare, eller var endå verre, seier Hurum oppglødd.

– At han går litt saktare synest eg var ein fantastisk konklusjon, legg Hurum til.

Halen speler ei stor rolle

Forskarane har publisert artikkelen i tidsskriftet Royal Open Society Science. Van Biljert og medforfattarane hans seier at halen har spelt ei viktig rolle for bevegelsen til dinosauren.

I studien såg dei på korleis dyret ville oppnå ein naturleg rørslefrekvens, ikkje berre ved å sjå på beinmuskulaturen som i tidlegare studie, men også halebevegelsen som ville minimera mengda av brukt energi.

Ved å rekna på den naturlege frekvensen av halebevegelsen, har forskarane vore i stand til å rekna på rytmen i trinna og ut ifrå det; gåfarten.

«Trix» er det einaste komplette Tyrannosaurus rex-skjelettet i Europa. Det står på det nederlandske museet Naturalis.

«Trix» er det einaste komplette Tyrannosaurus rex-skjelettet i Europa. Det står på det nederlandske museet Naturalis.

Foto: Marten Van Dijl / AFP

Hurum seier at ein ikkje har sporrekkjer av fotspora til ein Tyrannosaurus rex, og at ein difor ikkje veit kor langt dinosauren tok kvart skritt.

– Det dei har gjort no er ein heilt ny måte som eg ikkje har sett før. Dette er interessant fordi dei ikkje bruker lengda på beina i det heile. Dei brukar sveien i halen i staden. Kor mykje han sveiar opp og ned og kor mykje det hjelper på gangen, seier Hurum.

– Eg held pusten

Det er altså korleis dinosauren går forskarane har studert.

– Så han kan nok godt ha bevegd seg endå fortare. Han har ei skrittlengd ikkje vi kan konkurrera med i det heile. Men ein veit ikkje kor lenge han kunne sprinta om gongen då, seier han.

Dinosauren var opp til 13 meter og åtte tonn.

Hovudet av Trix på nederlanske museet Naturalis i Leiden.

Hovudet av Trix på nederlanske museet Naturalis i Leiden.

Foto: Bart Maat / AFP

– Då har du litt å dra på, når du berre har to bein å dra det på.

Hurum seier at han no held pusten, ettersom dette er fyrste gong dei publiserer forsking om dinosauren på denne måten.

– Så kjem det heilt sikkert til å koma nokre motstemmer ganske fort. Her vil det bli diskusjonar. Når ein rører ved noko av det mest heilage som finst innan paleontologi, Tyrannosaurus rex, så vil det alltid vera dei som har ei anna meining.

SISTE NYTT

Siste nytt