Hopp til innhold

Ny metode for måling av utslepp gir prishopp på nye bilar

Det blir innført ein ny metode for måling av utslepp frå bilar frå 1. september. NAF fryktar at det betyr eit kraftig prishopp på mange biltypar.

Nils Sødal i NAF.

Fungerande kommunikasjonssjef i NAF, Nils Sødal, fryktar kraftig prishopp på fleire biltypar når det nye systemet for utsleppsmåling blir sett i verk.

Foto: NRK

Nils Sødal, fungerande kommunikasjonssjef i NAF, den største bileigarorganisasjonen her i landet, seier at bilprodusentane no er samde om å innføre ei ny og meir realistisk måling av CO₂- og andre utslepp.

– Det er bra at vi får ei meir realistisk måling av utslepp, men det er ikkje rett å gi rekninga til bileigarane, seier han.

Det er frykt for at særleg hybridbilar og varebilar vil kome dårleg ut etter den nye målingsmetoden, som blant anna måler utsleppa i høgare fart enn den noverande målemetoden

Avgiftssystem knytt til utslepp

Statssekretær Jørgen Næsje (Frp).

Statssekretær Jørgen Næsje (Frp) i Finansdepartementet seier regjeringa vurderer ei overgangsordning frå 1. september og ut året.

Foto: NRK

– Det norske avgiftssystemet er veldig knytt til utslepp, så vi risikerer eit skikkeleg prishopp om ikkje politikarane gjer noko. Slik situasjonen er no er det ille for dei som skal kjøpe ny bil, sidan dei ikkje veit kor mykje køyretøyet vil koste etter 1. september, seier Nils Sødal til NRK.

Det har vore ymta om at den nye målemetoden kan føre til at dei registrerte utsleppa kan bli så mykje som 21 prosent høgare enn det den noverande målemetoden viser. Det nye metoden har fått namnet WLTP (Worldwide harmonized light vehicles Test Procedure)

Statssekretær Jørgen Næsje (Frp) i Finansdepartementet seier til NRK at det er usikkert korleis det nye testregimet vil slå ut på avgiftene, sjølv om testresultata vil vise auka utslepp.

Han fortel at regjeringa vurderer ei forskriftsendring for å sørgje for at bilane ikkje får vesentleg meir avgift i perioden frå 1. september og fram til nyttår.

– Vel bilar med låge utslepp

– Det kan bli dyrare for nokre bilar, så det er lurt å velje bilar med låge utslepp. Vi vil kome tilbake til dette til hausten når vi veit meir om dei nye utsleppsmålingane, seier han.

Dei nye avgiftene vil slå inn for fullt frå 1. januar 2019, og regjeringa vil kome tilbake til dette i Statsbudsjettet, legg han til.

Næsje opplyser at bilforhandlarane er orienterte om endringane i utsleppsmålingane, og at det er viktig at dei informerer kundane sine om at det kan bli endringar i avgiftene. Han minner om at denne regjeringa har kutta mykje i bilavgiftene.

Nils Sødal i NAF fryktar at ein del bilar kan bli opp til 30. 000 kroner dyrare alt frå 1. september, medan prisauken frå nyttår kan bli opp mot 80.000 kroner for ein del bilar med høge utslepp.

SISTE NYTT

Siste nytt