Hopp til innhold

Ny bok om Trump: «Vondskapsfull, udugeleg og ein fare for nasjonen»

Ei ny bok om Donald Trump gir inntrykk av at det er kaos i Det kvite hus. «Presidenten er som ein tolvåring», skriv den anonyme forfattaren, som arbeider i Trump sin administrasjon.

3550a6f3-2b8d-46b6-b106-da8113cd4bd0

Anonym forfattar kjem med kraftig kritikk av måten Donald Trump leier landet på.

Foto: Manuel Balce Ceneta / Manuel Balce Ceneta

Washington Post har fått tilgang til boka «A Warning» («Ei åtvaring»). Forfattaren blir omtalt som «ein leiande medarbeidar i Trump-administrasjonen».

Dette skal vere den same personen som skreiv eit anonymt lesarinnlegg om Trump i New York Times 5. september i fjor. Trump reagerte kraftig på det.

Forfattaren omtalar Trump som ein president som går frå den eine sjølvpåførte krisa til den andre, «som ein tolvåring i kontrolltårnet på ein flyplass, som trykkjer vilkårleg på knappane, utan å bry seg om flya som skrensar over rullebanen eller tar av heilt ukontrollert».

Vurderte å gå av

Han skriv at ei rekkje medarbeidarar i fjor vurderte å trekkje seg samla, i den han kallar ein «midnatts-massakre». Målet skulle vere å slå offentleg alarm om måten Trump styrer landet på. Men planen blei lagt bort fordi dei var redde for at dette berre ville gjere vondt verre.

I den 259 sider store boka skriv forfattaren at han har bestemt seg for å skrive anonymt «fordi denne debatten ikkje handlar om meg, men om oss, om korleis vi vil at presidentskapen skal reflektere landet vårt».

Han er ikkje framand for å stå fram med fullt namn på eit seinare tidspunkt.

DADVY-nnVFQ

Stephanie Grisham er pressesekretær i Det kvite hus.

Foto: LEAH MILLIS / Reuters

– Boka er oppspinn

Ifølgje forfattaren er det mange noverande og tidlegare medarbeidarar i Det kvite hus som deler oppfatninga hans av presidenten.

Pressesekretæren i Det kvite hus, Stephanie Grisham, kallar boka «reint oppspinn». Ho omtalar forfattaren som «ein feiging».

– Forfattaren oppgir ikkje namnet sitt fordi boka ikkje er anna enn løgn, skriv Grisham i ein e-post.

– Journalistar som vel å skrive om denne farsen, bør ha journalistisk integritet nok til å omtale boka som det ho er, nemleg fiksjon, legg ho til.

Panikk

Forfattaren skriv at boka byggjer på den han sjølv har sett og opplevd. Han omtalar høgtståande tenestemenn som vaknar om morgonen «i full panikk» over det presidenten har lagt ut på Twitter.

«Det er som å dukke opp på sjukeheimen ved daggry, og sjå at den eldre onkelen din spring rundt på gardsplassen utan bukser mens han klagar høglydt over maten, samtidig som dei tilsette prøver å få tak i han», skriv forfattaren.

Forfattaren opplever det som flaut.

«Onkelen din ville truleg ikkje gjort dette kvar einaste dag, og det han sa, ville ikkje bli kringkasta ut til folket. Og han ville ikkje ha ansvar for å leie den amerikanske regjeringa når han tok på seg buksa», skriv han.

Boka skildrar Trump som ein mann som kjem med både kvinnefiendtlege og rasistiske utsegner i interne møte.

Ikkje skikka

«Eg har sete og observert at det har blitt ubehageleg stille når han har snakka om korleis ei kvinne ser ut eller opptrer. Han kommenterer sminke. Han vitsar om vekta. Han kritiserer kleda. Han stiller spørsmål ved om kvinner er tøffe nok. Han bruker ord som «søting» og «kjærast» når han tiltalar dyktige, profesjonelle medarbeidarar. Det er jo nettopp slik ein sjef ikkje skal oppføre seg», skriv forfattaren.

Forfattaren meiner at Trump ikkje er skikka til å leie USA gjennom ei stor internasjonal krise.

Trump er mistenksam når medarbeidarar tar notat frå eit møte, ifølgje forfattaren. Han skriv at Trump ein gong ropte til ein assistent som skreiv i ei notatbok: «Kva er det du gjer? Tar du notat?». Assistenten bad om orsaking og lukka notatboka.

Forfattaren meiner at han ikkje er «kvalifisert til å diagnostisere Trump sin mentale tilstand». Men han legg til: «Alt eg kan fortelje, er at normale menneske som bruker tid saman med han, reagerer på det dei er vitne til. Han stotrar, slurvar, blir forvirra, blir lett irritert, han har vanskeleg for å systematisere informasjon».

Boka kjem ut 19. november.

SISTE NYTT

Siste nytt