NRK Meny
Normal

Noreg sender kommunikasjonsutstyr til katastrofeområdet

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sender måndag høgteknologisk kommunikasjonsutstyr til Filippinane.

Video fra ødeleggelsene og opprydningsarbeidet på Filippinene.

VIDEO: Vanskeleg hjelpearbeid i Filippinane

– Vi skal hjelpe FN med å setje opp ein kommunikasjonssentral, slik at det blir lettare å koordinere hjelpearbeidet, seier Knut Kjørkleiv til NRK.no. Han reiser til Filippinane som del av ein felles nordisk innsats gjennom organisasjonen IHP, International Humanitarian Partnership, Internasjonalt humanitært partnerskap.

Tyfon i Filippinane.

Velkomen-skiltet er heilt, men resten av byen Tacloban er det verre med. Mesteparten av byen er jamna med jorda.

Foto: Aaron Favila / Ap

Dette er det første konkrete norske offisielle bidraget til hjelpearbeidet i Filippinane, ved sidan av dei 20 millionar kronene regjeringa har løyvd .

Telefon- og dataliner

Kjørkleiv, som til dagleg jobbar som jobbar i ambulansetenesta i Kristiansand, reiser med utstyret til Örebro i Sverige, der den nordiske innsatsen blir samla. Her blir utstyret frå dei nordiske landa lasta om bord i eit Hercules transportfly frå det svenske forsvaret, som skal ta dei til Filippinane.

– Mi oppgåve blir å etablere kommunikasjonssentralen som skal gi sikre telefon- og dataliner via satellitt. I tillegg skal det setjast opp eit lite datanettverk for koordinering av hjelpearbeidet, seier Kjørkleiv.

Kjørkleiv er ein erfaren hjelpearbeidar. Dette blir hans åttande oppdrag ute i felt, denne gongen med DSB som oppdragsgivar. DSB har igjen FN som sin oppdragsgivar. Tidlegare har han blant anna jobba for Røde Kors ute.

LES OGSÅ: UD jobber med å få oversikt over tyfonrammede nordmenn

LES OGSÅ: Kurt har ikke fått livstegn fra datteren og kona

Fryktar dødstala vil stige

Tyfon i FIlippinane.

Øydeleggingane er enorme etter tyfonen, som kan vere den verste som har ramma Filippinane nokon gong.

Foto: NOEL CELIS / Afp

Hjelpearbeidarane i dei verst ramma områda i Filippinane står overfor enorme utfordringar. Det er frykt for at over 10.000 menneske har mist livet i tyfon-katastrofen berre i provinsen Leyte. Det er frykt for at dette talet vil stige ytterlegare.

I byen Tacloban, provinshovudstaden i Leyte, seier dei lokale styresmaktene at mellom 70 og 80 prosent av husa er øydelagde.

Fleire stader er det akutt matmangel, og det har fått folk til å gå laus på det som er igjen av butikkar og matlager. Det er sett inn politi og soldatar for å hindre plyndring, men dette er krefter som i utgangspunktet har meir enn nok å gjere med å delta i hjelpearbeidet.

LES OGSÅ: Mistet kontakten med kona på Filippinene

LES OGSÅ: Norske veteraner til katastrofeområdet

– Fryktar folk vil drepe for mat

Gymnaslæraren Andrew Pomeda (36) teiknar eit dystert bilete av situasjonen i Tacloban:

– Folk er i ferd med å ty til vald. Ein del har blitt desperate av mangel på mat eller fordi dei har mist familiane sine. Dei plyndrar butikkar og kjøpesenter. Eg fryktar at folk i løpet av den komande veka ikkje vil gå av vegen for å drepe for å skaffe seg mat.

Leiaren for Verdas matvareprogram i Filippinane, Ravenn Agrawal, seier etter eit besøk i Tacloban i dag at området ser ut som dei verst ramma områda gjorde det etter tsunamien andre juledag 2004 .

LES OGSÅ: – Ble så lykkelig da hun endelig ringte meg

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt