Hopp til innhold

Nord-Korea trur ikkje på den utstrekte handa frå Sør

I kjølvatnet av dei nye sanksjonane mot Nord-Korea, ber Sør-Koreas utanriksminister om nye samtalar med erkefienden, men blir kontant avvist.

ASEAN-PHILIPPINES/

DIPLOMATI: Sør-Koreas utanriksminister har vore aktiv under ASEAN-møtet i Manila. Her i samtale med ein annan utanriksminister.

Foto: POOL / Reuters

Før ein middag i Manila tok dei kvarandre i handa, og veksla nokre ord.

Under den korte samtalen oppfordra Sør-Koreas utanriksminister Kang Kyung-wha sin nordkoreanske kollega, Ri Yong-ho, til møter for å minske spenninga på den koreanske halvøya.

Ho vart kontant avvist.

– På grunn av situasjonen der Sør-Korea samarbeider med USA for å auke presset på Nord-Korea, manglar ei slik oppmoding oppriktigheit, svarte den nordkoreanske utanriksministeren, ifølgje BBC.

Nord-Korea er ikkje blant dei ti medlemmene i Organisasjonen av søraustasiatiske land (ASEAN), men utanriksministeren deltek likevel på sikkerheitsmøtet på Filippinane.

USA: – Forholda må ligge til rette

USAs utenriksminister, Rex Tillerson, er også i Manila. Han meiner ein nå må vente på at forholda ligg til rette, før ein har samtalar.

– Det beste signalet Nord-Korea kan gje om landet er klar for samtalar med USA, er å stoppe testinga av missiler, sa Tillerson.

Laurdag vedtok FN-tryggingsrådet samrøystes nye sanksjonar mot Nord-Korea. Truleg vil det føre til at Nord-Korea taper ein tredjedel av sine årlege eksportinntekter.

Sanksjonane kjem etter at Nord-Korea har skote opp to langtrekkande rakettar i juli. Frykta er stor for at regimet kan true det amerikanske fastlandet.

ASEAN-PHILIPPINES/CHINA

JOVIALT: Utanriksministrane frå Nord-Korea (venstre) og Kina (høgre) hadde eit bilateralt møte under ASEAN-møtet. Kina er ein viktig handelspartnar, og vil stå for brorparten av sanksjonane.

Foto: POOL / Reuters

– Døra framleis open

Under det same møtet i Manila, seier Kinas utanriksminister Wang Yi, at han ikkje trur at Nord-Korea er fullstendig avvisande til nye samtalar med Sør.

Han legg til at Kina støttar initiativet til Sør-Korea.

Ifølgje den røynde amerikanske diplomaten Christopher Hill, har ikkje verdssamfunnet anna val enn å forhandle med Nord-Korea, da ein ny Korea-krig vil bli alt for kostbar og blodig.

SISTE NYTT

Siste nytt