Hopp til innhold
Urix forklarer

Seks grunnar til at Kim Jong-un ikkje er redd for Donald Trump

Med tre hangarskip på veg, burde kanskje Kim Jong-un tenke seg om to gangar før han provoserer USA. Likevel held han fram med å skyte opp rakettar i retning Japan.

Kim Jong-un og Donald Trump

UNG OG GAMMAL: Men begge er uerfarne. Det uroar den tidlegare diplomaten Christopher Hill.

Foto: Reuters

I natt vart det på nytt sendt ein rakett inn i Japans økonomiske sone. Det var ein lite avansert scud-rakett.

Truleg eit signal om at Kim Jong-un ikkje lar seg påverke av truslar frå det internasjonale samfunnet, seier den japanske forsvarsministeren.

USA sender no det tredje hangarskipet til regionen, for å presse Kim Jong-un til å stoppe atomvåpenprogrammet sitt.

Laster Twitter-innhold

Det at Nord-Korea om nokre år kan vere i stand til å true California med atomrakettar, har fått USA til å rasle kraftig med sablane.

Men det er seks grunnar til at Kim Jong-un ikkje lar seg skremme.

1. – Donald Trump bløffar

Den amerikanske presidenten har flittig brukt sosiale medium for å åtvare Kim Jong-un.

Men dette vil berre ha motsett effekt, meiner Nord-Korea forskaren John Delury til avisa The Guardian. For Kim Jong-un handlar det om å unngå å lide same skjebne som Saddam Hussein og Moammar Gaddafi.

– Sidan dei har ingenting å tape, og vi har alt å tape, vil vi alltid trekke oss først. Da er det berre eit spørsmål om tid før sabelraslinga til Trump blir avslørt som ein bløff, meiner Delury.

2. Det går ikkje å øydelegge alle atomanlegga til Nord-Korea.

Blant haukane i Pentagon har det blitt diskutert om ein skal gå til eit sokalla «forkjøpsangrep», altså å bombe atominstallasjonar, for å stoppe atomvåpenprogrammet.

Men i praksis er dette vanskeleg.

– Det finst ingen cruisemissil som kan øydelegge alle Nordkoreanske atominstallasjonar, eitkvart militært angrep vil føre til ein ny krig i Korea, seier Jon Wolfsthal, som var nedrustingsrådgjevar for Barack Obama til avisa The Guardian.

3. Kim Jong Un kan hemne seg ved å angripe 20 millionar sivile

Å gå til krig mot Nord-Korea vil føre til katastrofe, seier den amerikanske forsvarsministeren James Mattis til «Face the Nation».

Laster Twitter-innhold

Årsaka er at nordkoreansk artilleri er sikta inn på ein av dei mest tettbygde byane i verda, den sørkoreanske hovudstaden, fortel Mattis.

Det betyr at skulle USA prøve å slå til mot nordkoreanske atominstallasjonar, kan Kim Jong-un gje ordre om å bombardere Sør-Korea. 20 millionar sivile er innan rekkevidd.

4. Rakettforsvarsteknologien er mangelfull

Sør-Korea har fått det mest avanserte rakettforsvaret til USA, til ein verdi av rundt ein milliard dollar. THAAD. Det er eit svært presist system.

Problemet er at det er lett for Nord-Korea å trenge gjennom rakettforsvaret.

– Dei treng berre å ha overvelde systemet ved å skyte opp mange nok rakettar samtidig, fortel David Axe, redaktør for bloggen War is boring.

THAAD vil heller ikkje vere i stand til å stoppe interkontinentale rakettar, berre mellom- og kortdistanse.

Pentagon vil denne veka forsøke å skyte ned ein interkontinentale rakett for første gang. Men teknologien, som det amerikanske forsvaret har forska på sidan 50-talet, er framleis ikkje presis nok, skriv avisa the independent.

5. Trump manglar utanrikspolitisk erfaring

KOREA-NORTH/

Christopher Hill blir omringa av pressefolk i Tokyo i 2007. Hill var USAs sjefforhandlar i sekspartsforhandlingane. Kina, Sør-Korea, Nord-Korea, USA, Russland og Japan deltok. Samtalane kom i stand etter at Nord-Korea trakk seg frå Ikkjespreiingsavtalen i 2003. I dag er Hill dekan ved Universitetet i Denver.

Foto: ISSEI KATO / REUTERS

Det som bekymrar Christopher Hill, som har lang erfaring med nedrustingsforhandlingar med Nord-Korea, er at Trump manglar utanrikspolitisk kunnskap.

– Tydelegvis så lærer han om desse problema for første gang, han har sagt at dette er meir komplisert enn han først trudde, fortel han til NRK.

NRK møtte demokraten Hill da han nyleg var på eit privat besøk i Oslo.

Han fortel at Trump har signalisert at han kan vere villig til å sette seg ned ved forhandlingsbordet med Kim Jong-un. Problemet er berre at Nord-Korea vil forhandle med status som ei atommakt, og dette er uakseptabelt for USA, fortel Hill.

– Vi har ein president, for å sei det diplomatisk, som har ei bratt læringskurve framfor seg, fortel Christopher Hill.

Det har vore samtalar på lågare nivå i Oslo mellom Nord-Korea og USA. Men det er uvisst kva som kom ut av møtet.

NORTHKOREA-USA/

USS CARL VINSON: Eit av dei to hangarskipa som er i farvatnet utanfor Japan. No er det venta eit tredje amerikansk hangarskip til regionen.

Foto: HANDOUT / Reuters

6. Kina vil ikkje ha regimeendring

Trass eit turbulent forhold, har Kina tradisjonelt vore det næraste Nord-Korea kan kalle ein alliert.

Kina har gjort lite for å legge press på Nord-Korea, og The Economist meiner Kina fryktar at regimet vil kollapse.

For det første så ynskjer ikkje Kina fred mellom Nord og Sør-Korea, da dette kan føre til eit USA-vennleg foreint Korea som nabo. Og for det andre, skulle det bryte ut krig, risikerer kinesarane å bli oversumt av millionar av flyktningar.

SISTE NYTT

Siste nytt