NRK Meny
Normal

Noma i København best i verda

Noma i København er kåra til den beste restauranten i verda igjen, etter at dei i fjor miste topplassen til El Celler de Can Roca i Girona.

Verdas beste restaurant, Noma i København.

Noma i København er kåra til den beste restauranten i verda.

Foto: DRESLING JENS / Ap

Den katalanske restauranten El Celler de Can Roca kom i år på andreplass i kåringa av dei 50 beste restaurantane i verda. Ingen norske restaurantar kom med på topp 50-lista, men Restaurant Frantzen i Stockholm kom på 23. plass.

Ei fjør i hatten var det likevel for Oslo-restauranten Maaemo, som kom på 79. plass på lista over dei beste restaurantane i verda.

 Rene Redzepi eig restauranten Noma i København.

Rene Redzepi er eigar av restauranten som i kveld vart kåra til beste i verda, Noma i København.

Foto: Lefteris Pitarakis / Ap

Geranium i København kom på 42. plass i kåringa, som gjekk føre seg i London. Det er det britiske magasinet Restaurant Magazine som står for kåringa, etter grundig vurdering av i alt 900 matekspertar.

Sjå lista over dei 100 beste restaurantane her

To stjerner

Noma i København har to stjerner i Michelin-guiden og går til topps i kåringa for fjerde gong. Restauranten, som har nordisk mat som spesialfelt, ligg i ein nedlagd lagerbygning i eit kaiområde i den danske hovudstaden.

I takketalen sin retta Rene Redzepi ei stor takk til alle som arbeider i restauranten, og han sa at dei var hans største inspirasjon.

– Eg veit at eg ikkje alltid er den lettaste å ha med å gjere, men de er min draum og inspirasjon. Tolmodet og dedikasjonen de har vist år ut og år inn er meir enn eg kunne ha håpa på, sa han blant anna i talen.

– Meir i vente

Sjølv om dette er fjerde gong restauranten går heilt til topps, lovde han at det er meir i vente.

– Enno er det mange oppdagingar å gjere der ute, og så mange oppskrifter å lage, sa han.

Tredjeplassen i konkurransen gjekk til Osteria Francesca i Modena i Italia.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt