No skal ho ta skalpen til Obama

Tea party-dronninga Michele Amble Bachmann lanserte i dag formelt sitt kandidatur til å bli Det republikanske partiet sin presidentkandidat.

Michele Amble Bachmann er no offisielt kandidat til å bli presidentkandidat.

Michele Amble Bachmann lanserte sitt kandidatur i fødebyen Waterloo i Iowa.

Foto: JEFF HAYNES / Reuters

Den norskætta, konservative politikaren frå Minnesota gjer dette same dagen som ei meningsmåling viste at ho faktisk er nesten like populær som tidlegare Massachusetts-guvernør Mitt Romney, som mange held for å vere den mest sannsynlege republikanske presidentkandidaten.

Hopp på meiningsmåling

Etter talen helsa Michele Bachmann på tilhengjarane.

Etter talen var det tid for å helse på tilhengjarane.

Foto: Charlie Riedel / Ap

I meiningsmålinga får Romney støtte frå 23 prosent, medan 22 prosent går for Bachmann. Tidlegare har ho aldri nådd meir enn sju prosents støtte på meiningsmålingane.

Iowa er ein viktig stat for alle som har ambisjonar om å bli Det republikanske partiet sin kandidat til å utfordre Barack Obama ved presidentvalet i november 2012. Det er her starskotet for nominasjonsprosessen går i februar neste år.

Ho lanserte seg som presidentkandidat i småbyen Waterloo i Iowa, der ho budde dei første åra av livet sitt. Familien flytta seinare til Minnesota, staten ho i dag representerer i Den amerikanske kongressen.

- Eg gjer ikkje dette fordi eg er forfengjeleg, men fordi USA i dag er inne i eit kritisk tidsskilje, sa ho blant anna i lanseringstalen sin.

LES OGSÅ: "Norske" Michele vil kaste Obama ut av Det kvite hus

LES OGSÅ: Gikk løs på Obama i TV-debatt

Flink på fjernsyn

Ho reiser no vidare til New Hampshire og North Carolina for å presentere bodskapen sin til dei republikanske veljarane. Og bodskapen hennar er klar: Ho går rett i strupen på Barack Obama, og har gjort det til slagordet sitt at han ikkje skal sitje meir enn ein periode.

Mitt Romney under en liten pause i talen der han kunngjør at han trekker seg.

For første gong er Michele Bachmann nesten like populær som Mitt Romney.

Foto: Evan Vucci / AP

Michele Amble Bachmann er flink på fjernsyn, og ho snakkar klart og tydeleg. Media i USA vart for alvor merksame på henne etter at ho gjorde ein god figur i den første republikanske valdebattten direkte på CNN 13. juni.

Det var då ho varsla at ho hadde ville kjempe om å bli partiet sin presidentkandidat.

Ho skuldar president Barack Obama for å køyre USA i grøfta økonomisk, og ho meiner at helsereformen han prøver å få gjennomført vil øydeleggje den amerikanske økonomien.

LES OGSÅ: Norskætta "Tea Party"-dronning vil utfordre Obama i 2012

LES OGSÅ: Norskætta "Tea Party"-dronning vil utfordre Obama i 2012

- Signal frå Gud

Michele Amble Bachmann er også ein sterk motstandar av at homofile kan inngå ekteskap, og at homorørsla kallar henne ein ekte homofob. Elles er det viktig for henne at det offentlege skal blande seg minst mogleg inn i liva til innbyggjararne i USA.

Ho er djupt religiøs, og i eit intervju på fjernsynsstasjonen CBS i går sa ho blant anna at ho hadde fått eit signal frå Gud om at ho skulle stille som presidentkandidat.

Michele Bachmann og mannen Marcus Bachmann.

Michele Amble Bachmann og mannen Marcus helsar tilhengjarane i Waterloo i Iowa.

Foto: JEFF HAYNES / Reuters
Video Michelle Bachmann stiller som presidentkandidat

VIDEO: Sjå Michele Bachmann lansere sitt kandidatur.

SISTE NYTT

Siste nytt