Hopp til innhold

Nelson Mandela på sjukehus

Tidlegare president i Sør-Afrika, Nelson Mandela, var natt til søndag på sjukehus. Ifølgje regjeringa har han det bra.

Nelson Mandela under finalen i Fotball-VM i 2010

PÅ SJUKEHUS: Nelson Mandela har vore natt til søndag på sjukehus. Her er han på fotball-VM i Sør-Afrika i 2010, sist gong han viste seg offentleg.

Foto: THOMAS COEX / Afp

Den 94 år gamle fredsprisvinnaren skulle søndag gjennom fleire undersøkingar.

President Jacob Zuma besøkte han på sjukehuset i Pretoria, der anti-apartheidhelten blei innlagt laurdag.

Skal ha det bra

Ifølgje Zuma ser Mandela ut til å ha det «komfortabelt», og han blir «tatt godt vare på»

– Tidlegare president Mandela vil frå tid til anna gjennomgå behandling som er tilpassa alderen hans, heitte det i ei kunngjering frå den noverande presidenten laurdag.

– President Zuma forsikrar om at det ikkje er noko grunn til bekymring, heiter det vidare.

LES OGSÅ: Sørafrikanere feirer Nelson Mandela

Detaljar om helsetilstanden til Mandela er ikkje kjent.

Først når legane har avlevert ein rapport, vil styresmaktene gi konkrete opplysningar om helsetilstanden hans.

Viser seg ikkje offentleg

Det er andre gong Mandela blir lagt inn på sjukehus i år. Laurdag blei han frakta frå heimen sin i landsbyen Qunu til hovudstaden.

Same dag opplyste regjeringa at Mandela hadde det bra, men at han skulle ta prøver.

LES OGSÅ: 10-åring fikk nobelt besøk

Nelson Mandela blei i 1994 vald til den første svarte presidenten i Sør-Afrika.

Han har den siste tida hatt svekka helse.

Mandela har ikkje vist seg offentleg sidan Sør-Afrika arrangerte VM i fotball i 2010, men tek framleis imot høgtståande gjestar frå inn- og utland.

SISTE NYTT

Siste nytt