Hopp til innhold

Navalnyj sine advokatar lauslatne – blei arresterte rett etter rettssaka

Rett etter dommen til Aleksej Navalnyj blei avsagt, arresterte russisk politi advokatane hans. Dei skal no vera lauslatne igjen.

Aleksej Navalnyj (i midten) i retten i lag med advokaten sin, sett via i ei videolenke levert av russisk fengselsteneste 22. mars 2022.

I RETTEN: Aleksej Navalnyj (i svart) i retten i lag med advokaten sin i Pokrov i Vladimir region. Bilete er teke frå ein TV-skjerm som sender ei videolenke levert av den russiske fengselstenesta.

Foto: Alexander Zemlianichenko / AP

Den 15. mars bad russisk påtalemakt om ytterlegare 13 års fengsel for den russiske regimekritikaren Aleksej Navalnyj (45).

No er han dømd til ni år i fengsel for skuldingar om bedrageri, knytt til organisasjonane han driv, og forakt for retten.

Sjølv meiner Navalnyj at saka mot han er politisk motivert og erklærer seg uskyldig.

Advokatar i varetekt

Etter at advokatane hans melde frå om at Navalnyj ville anka dommen, skal dei ha blitt sette i varetekt av russisk politi.

Olga Mikhailova og Vadim Kobzev blei arresterte medan dei stod og snakka med journalistar utanfor straffeanstalten i byen Pokrov der rettssaka gjekk føre seg.

Det melde reporterar frå nyheitsbyråa Reuters og AFP som var til stades under rettssaka.

Ifølgje NTB stadfesta medarbeidarane til Navalnyj at advokatane blei arresterte og at dei blei førte bort i ein politibil.

Litt under ein time etter at dei blei arrestert, skreiv Kobzev på Twitter at begge var lauslatne av politiet.

– Det lét Olga Mikhailova og meg gå fri igjen. Dei var til og med så snille at dei køyrde oss tilbake til bilen vår, skriv han.

Advoktane til Aleksej Navalnyj, Vadim Kobzev og Olga Mikhailova, møter pressa etter rettsaka 22. mars 2022.

Advokatane til Aleksej Navalnyj, Vadim Kobzev og Olga Mikhailova, møter pressa etter rettssaka 22. mars 2022.

Foto: AFP

Gav bot på over 1 mill. rublar

I tillegg til fengselsstraff, gav retten Navalnyj ei bot på 1.2 millionar rublar, som svarar til 11.535 dollar, melder Reuters.

– Navalnyj har gjort seg skuldig i svindel. Tjuveriet av eigedom utført av ei organisert gruppe, sa dommar Margarita Kotova, ifølge AFP.

Separat går det føre seg ei etterforsking av påstått ekstremisme som kan gje Navalnyj opptil ti år til i fengsel.

– Ein kjent taktikk

Generalsekretær Jon Peder Egenæs i Amnesty International Noreg er ikkje overraska over dommen.

– Navalnyj er vel den einaste mannen Putin verkeleg fryktar.

Jon-Peder Egenæs

Generalsekretær i Amnesty Internasjonal

Foto: Amnesty

Egenæs trur Navalnyj vil få lengre dommar så lenge president Vladimir Putin sit med makta.

– Navalnyj er den einaste som dei siste to tiåra har klart å organisera ein opposisjon mot Putin spreidd ut over heile Russland.

Han soner allereie ein dom frå februar 2021 på to og eit halvt år for brot på meldeplikt etter ein vilkårsbunden dom.

– Dette er jo ein kjent taktikk i forhold til korleis totalitære leiarar kvittar seg med farlege opposisjonelle.

Han braut meldeplikta fordi han låg i koma sommaren og hausten 2020 etter å ha blitt forgifta under eit opphald i Sibir.

Navalnyj i Omsk

I august 2020 blei opposisjonspolitikar Aleksej Navalnyj frakta til eit sjukehus i byen Omsk i Sibir i Russland, etter at han blei dårleg på ei flyreise.

– Me må hugsa at dei først forsøkte å drepa han, og då dei ikkje klarte det valte dei å bruka dette fråværet av meldeplikta då han låg på eit sjukehus i Tyskland til å putta han i fengsel.

No er han dømt til 13 nye år i eit høgsikkerheitsfengsel.

Skal bryta han ned

Dommen på to og eit halvt år blei han dømt til å sona i ein arbeidsleir.

31. mars 2021 innleia Navalnyj ein svoltestreik med krav om betre helsehjelp for ryggsmerter og kjenslelause bein og hender.

– Vår pasient kan døy kvart augneblink, sa Navalnyj sin private lege Anastasia Vasiljeva i eit utsegn.

Fire legar som støtta han bad om å få koma inn i fengselet for å hjelpa han, men fekk ikkje lov.

Pussy Riot i kirke i Moskva

Eit stillbilete frå ein video viser Pussy Riot-framsyninga i Church of Christ the Saviour i februar 2012.

Foto: REUTERS TV / Reuters

– Heile situasjonen er på mange måtar meint for å kunna bryta han ned, og minner ganske mykje om situasjonen for Pussy Riot-kvinnene som også kom ut og fortalde om situasjonen i desse leirane.

I 2013 blei den feministiske punkrockkollektivet Pussy Riot dømt til fengsel etter å ha kome med ei punk-bøn retta mot den russiskortodokse kyrkja sine tette band til Putin.

Lista som terrorist og ekstremist

Navalnyj har blitt særleg kjent for avsløringane sine av korrupsjon i det russiske maktapparatet.

Alexei Navalny ropar inn i ein mikrofon medan han gestikulerer føre ei gruppe som har samla seg til ein politisk protest i Moskva i juni 2019.

Navalnyj under ein politisk protest i Moskva i juni 2019, der demonstrantane kravde at opposisjonspolitikarar kunne stilla til val i det kommande bystyre-valet.

Foto: Pavel Golovkin / AP

Tidlegare i år blei Navalnyj sett på lista over terroristar og ekstremistar i Russland. I 2020 blei han utsett for eit drapsforsøk. Han meiner personar knytt til den russiske tryggingstenesta stod bak.

Navalnyj har lenge stått fast ved at skuldingane er fabrikkerte for å stanse hans politiske ambisjonar.

I fjor tok han imot Sakharov-prisen, som er EUs pris for menneskerettar.

SISTE NYTT

Siste nytt