Det er frykt for at kampane i Makedonia kan utvikle seg til full borgarkrig. (Scanpix-foto)
Robertson kom med tilbodet om hjelp til den makedonske hæren då han snakke med journalistar under NATOs forsvarsministermøte i Brussel i dag.
Våpenkvile
I kveld kjem det også meldingar om at den etnisk albanske geriljaen vil innføre våpenkvile frå midatt, om ikkje dei blir angreipne av den makedonske hæren eller politistyrkane.
Dette går fram av ei melding som er underteikna av den politiske leiaren til geriljaen, Ali Ahmeti. Han oppmodar samstundes den makedonske regjeringa om å inngå ein formell våpenkvileavtale med geriljaen.
I fråsegna frå geriljaen heiter det også at dei fullt ut godtek den territorielle integriteten til Makedonia, og at dei ikkje er ute etter å endre landet sine grenser.
NATO fryktar full borgarkrig i Makedonia, og har oppmoda styresmaktene i landet å hindre ei opptrapping av konflikten. Natt til i går vart fem makedonske soldatar drepne av geriljaen, og i natt gjekk slaviske makedonarar til åtak på butikkar og hus tilhøyrande albanske makedonarar fleire stader.
Fredsplan
Ei utanlandsk diplomatisk kjelder seier i kveld til nyheitsbyrået Reuters at den makedonske presidenten Boris Trajkovski kjem til å leggje fram ein fredsplan for geriljaen. Denne planen skal gjere det mogleg for geriljaen å leggje ned våpna og trekkje styrkane sine ut av landet.
Dette er ikkje stadfesta av makedonske styresmakter, men kjelda seier at presidenten vil presentere planen sin i ein tale til parlamentet i morgon ettermiddag.
Norsk uro
Statssekretær Øystein Singsås i Utanriksdepartementet seier at det er sterk uro i NATO omkring situasjonen i Makedonia.
Regjeringa i Makedonia har trua med å erklære krigstilstand, og dermed slå hardt til mot den albanske geriljaen.
Det er frykt for at dette kan føre til at dei etniske albanarane i regjeringa vil trekkje seg frå samlingsregjeringa. Dette vil igjen auke fare for borgarkrig i den tidlegare jugoslaviske republikken.
Vassmangel
Den nordlege byen Kumanovo har mist vassforsyninga, etter at drikkevassreservoaret til byen vart erobra av geriljaen i byrjinga av mai. Det er 100.000 innbyggjarar i Kumanovo, og situasjonen byrjar bli vanskeleg for dei.
Det har vore normal vassforsyning til byen fram til onsdag i denne veka, men då var det stopp. Det er uklart om det er geriljaen som fysisk har stansa vassforsyninga til Kumanovo, eller om årsaka er mangel på vedlikehald. Vassverket i byen har ikkje fått utført arbeid på reservoaret sidan 3.mai.
Styresmaktene i Makedonia skuldar geriljaen for å bruke vassforsyninga som press, noko som blir avvist av geriljaen. Geriljaen skuldar den makedonske hæren for å ha stengt av vassforsyninga til Kumanovo.