Hopp til innhold

Naboane har fått nok

- Dropp dei fascistoide metodane dykkar, og kom ut av det sjølvinsette martyriet, er oppmodinga frå ein del innbyggjarar på Nørrebro.

David Pontoppidan blir intervjua av Svein Ove Hansli og Mohammed Alayoubi.
Foto: Bent J. Tandstad / NRK

NRK.no/København: Oppmodinga er retta til ungdomane som denne helga har skapt krigsliknande tilstandar i bydelen, og det er David Pontoppidan som er talsmann for naboane.

Han bur like ved St. Hans Torv, der noko av den verste uroa fann stad natt til laurdag.

 

Dagen derpå å Nørrebro
Foto: Muhammed Alayoubi / NRK

Det er like i nærleiken av Ungdomshuset som politiet gjekk til aksjon mot sist torsdag.

Han kan fortelje at fleire bilar brann rett utanfor huset der han bur, og at han, ein vaksen mann, sat inne i husværet sitt og var redd.

Desse menneske er glade i bydelen sin, ein bydel som kanskje kan samanliknast med Grønland og Grünerløkka i Oslo.

 

Veltet bil på Nørrebro
Foto: Muhammed Alayoubi / NRK

Sjokkert og redd

- Eg var både sjokkert og redd. Vi som no har gått saman i to naboforeiningar på Nørrebro er rasande på dei som vil øydeleggje nabolaget vårt. Vi nektar å ha det slik her i framtida, seier Pontoppidan.

Han og naboane meiner at det berre er eitt offer i det valdsinfernoet som har vore denne helga, og det er innbyggjarane i området.

- Vi kan og vil ikkje meir. Nedbrenning av byen vår er utilgiveleg, heiter det i løpeseddelen initiativtakarane delte ut ved St. Hans Torv. Dei hadde teke oppstilling rundt dei utbrende vraka av tre bilar som vart sette fyr på av ungdoms-aksjonistane natt til laurdag.

David Pontoppidan er heilt klar i sin tale. Han ber ungdomane som deltok i dei valdelege demonstrasjonane i helga om å finne tilbake til seg sjølv, og trur at dei då framleis kan blir ein del av Nørrebro-miljøet.

Men slik situasjonen er no, meiner han at dei demonstrerande ungdomane, "de autonome"  som dei blir kalla i Danmark, må kome seg ut av bydelen. Dei er ikkje velkomne her, seier han.

 

Ungdomshuset

- Gjeld det alle som har brukt Ungdomshuset?

- Eg veit ikkje om alle brukarane av Ungdomshuset er valdelege, men eg har merka meg at over 600 personar er arresterte. Og det er fleire enn dei som har hatt tilhald i huset, seier han. Han meiner det vil vere heilt feil av kommunen å gi ungdomane tilbod om eit nytt aktivitetshus på Nørrebro, fordi dei med framferda si den siste tida har vist at det ikkje er mogleg å leve eit normalt liv på Nørrebro med slike naboar.

Han reagerer sterkt på at leiarane for aksjonen ikkje har teke avstand frå valdsbruken, og at ingen av dei heller åtvarar mot bruk av valdelege metodar.

- Det er uforståeleg for oss at ikkje leiarane kan be medlemene om å ikkje bruke vald. Då kan vi ikkje ha dei som naboar, seier han.

David Pontoppidan og dei andre i nabonettverka "Sammenslutningen Nørrebro" og "Naboerne på Nørrebro" er ikkje dei einaste som reagerer på det som har skjedd. Dei fleste vi har snakka med i København dei siste dagane, meiner aksjonistane no har gått for langt.

Mange kan ha sympati med ungdomane si sak, dei kan støtte kravet om eit ungdomshus, men greier ikkje å akseptere at dei set byen på hovudet med brenning av bilar og steinkasting mot politiet.

 Borgarmeister Ritt

Då vi vitja St. Hans Torv på Nørrebro søndag føremiddag var det få spor igjen etter gatekampane natt til fredag og natt til laurdag. Det var lagt asfalt der brusteinen var fjerna av steinkastarane, og livet var i ferd med å kome tilbake til det normale.

Ei kvinne kom hastande mot oss og spurde om vi hadde sett Ritt. Ritt er den kjende politikaren Ritt Bjerregaard, som no er overborgarmeister i København. Kvinna hadde høyrt at ho skulle kome til St. Hans Torv i dag, og ho meiner det er hennar ansvar å få slutt på gateuroa i bydelen.

- Eg har nemleg eit par rekningar. Vi måtte flytte ut av husværet vårt rett her oppe, seier ho og peikar opp mot eit husvære i toppetasjen av huset.  - Vi heldt ikkje ut i det forferdelege bråket. No skal Ritt få betale hotellrekningane, seier ho før ho hastar vidare.

Ritt Bjerregaard har gitt politiet full støtte for aksjonane i helga, og ho har kome med kraftig kritikk av ungdomane, som ho meiner er styrte av personar det ikkje er mogleg å samarbeide med.

Utover føremiddagen kjem det stadig meir folk til torget. Folk set seg ned på benkar og nyt vårsola, born og foreldre kostar seg saman med ein is og det er lite som minner om det infernoet som var her for berre eitt og eit halvt døgn sidan.

 - Det er slik det skal vere her, seier ein mann til oss i det han går forbi.

SISTE NYTT

Siste nytt

Flere videoer i sosiale medier viser samme hendelse, som alle samsvarer med beskrivelsen av hendelsen, våpenet og området det skjedde. Videoen er verifisert av bl.a. BBC.

Britisk politi: Ein død etter angrep med stikkvåpen i London

Ein 13 år gammal gut døydde etter sverdangrepet i London. Det opplyser britisk politi.

Disse videoen fra Twitter skal vise stormingen av Hamilton Hall

Gaza-demonstrasjon i USA: Har barrikadert universitetsbygg på Columbia

New York-universiteta Cornell og Columbia har byrja å straffe studentane sine for teltleirane ved campus. På det siste svarte studentane med barrikadar.