Sara Svensson vart dømd for drapet på Alexandra Fossmo og drapsforsøk på Daniel Linde i Knutby. Ho vart dømd til behandling på ein rettspsykiatrisk institusjon i Vadstena.
Sara Svensson sonar på ein psykiatrisk institusjon. (Scanpix-foto)
Sidan mars i år har ho fått fleire mystiske brev, og avsendaren skriv at han er ein av Helge Fossmo sine medfangar i Kumla-anstalten utanfor Stockholm.
Pinsepastor
Både Sara Svensson og advokaten trur det er Helge Fossmo, den tidlegare pastoren i pinsekyrkjelyden i Knutby, som har skrive breva, for å få Sara til å gå bort frå forklaringa si frå rettssaka.
Helge Fossmo sonar livstidsstraff for å ha pressa Sara Svensson til å drepe Alexandra Fossmo og naboen Daniel Linde. Alexandra var kona til Helge Fossmo.
Sara Svenssons advokat Christer Sôderberg seier at hennar første tanke var at det var Helge Fossmo som stod bak.
Söderberg seier at breva inneheld reine kjærleikserklæringar, og meir eller mindre løynde dødstruslar.
Uskldig dømd
Advokaten trekkjer fram følgjande sitat frå breva i eit intervju med avisa Expressen: "det er for jævleg det du har gjort mot Helge, som sit uskuldig dømd på Kumla"
"I denne kriminelle verda er det ikkje bra å tyste"
"Helge er fortvila og lei seg, det er synd på han. For ei tid tilbake når Helge var ute og gjekk, var eg inne i cella hans og las hans private notat, bønene hans."
Helge Fossmo sit fengsla i KUmla-anstalten.
I brevet står det at Helge Fossmo skal ha skrive i notatane sine at Sara Svensson skal vere hans einaste kjærleik. "Det har aldri vore nokon annan enn deg, Sara".
Direkte
Det stod også i eit brev at ho skulle sende svar direkte til Helge Fossmo.
- Sara forstod at Helge ville ha eit poststempla brev frå Vadstena. Då kunne Helge stappe ned i konvolutten eit brev der ho "tilstår" ikkje å ha snakka sant under rettssaka, seier Söderberg.
Politiet i Uppsala har fått alle breva, men dei skal ikkje ha sett i verk spesielle tiltak.
Det har ikkje lukkast Expressen å få kommentarar frå Helge Fossmo eller advokaten hans Ola Nordström.