Hopp til innhold

Musk snur: Vil likevel finansiere ukrainsk internett

Elon Musk bad ei stund Pentagon om å ta rekninga for Starlink, som har heldt internettet i Ukraina gåande via satellittane sine. No snur han.

FILE PHOTO: Musk raises phone towards the sky at SpaceX Starbase in Brownsville, Texas

STRATEGISK VIKTIG: Starlink-nettverket er kopla til antenner på bakken i Ukraina.

Foto: ADREES LATIF / Reuters

– Faen heller, skriv teknologimagnaten på Twitter laurdag kveld.

Han trua i fleire dagar med å bryte nettverkstilkoplinga til Ukraina viss ikkje det amerikanske forsvarsdepartementet tok rekninga.

– Vi får berre fortsette å finansiere den ukrainske regjeringa heilt gratis, skriv derimot Musk i dag.

Belte med satelittar

I dag svevar det kring 3000 små Starlink-satellittar i jorda si atmosfære.

Desse ligg lågt nede, og har vore livsviktige for ukrainske styrkar som kjempar mot den russiske invasjonen.

SpaceX har nemleg betalt for kring 25.000 terminalar som står på bakken i ukrainsk territorium, og for oppskyting, vedlikehald og forsvar av satellittane.

Sjølv om fleire land hevdar å ha spytta inn pengar for terminalane, sa SpaceX-sjefen Elon Musk, verdas rikaste mann, at prosjektet var for dyrt

Han tvitra at han hadde varsla Pentagon, det amerikanske forsvarsdepartementet, om at pengane kjem til å ta slutt, og bede dei om å ta rekninga for framtidige utgifter.

Ei antenne koplar det satelittbaserte Starlink-nettverket til ei gate i Ukraina.

Desse antennene koplar det satellittbaserte Starlink-nettverket til bakken i Ukraina.

Foto: YASUYOSHI CHIBA / AFP

Musk skreiv vidare at det er «urimeleg» at selskapet hans skal betale for å sende fleire tusen nye terminalar til Ukraina, som han seier har hundre gongar høgare databruk enn vanlege hushald.

Ifølge han vil prosjektet ha kosta SpaceX mellom 800 millionar til ein milliard kroner innan nyttår.

CNN melder derimot at tal SpaceX har delt med Pentagon viser at kring 85 prosent av dei første 20.000 terminalane i Ukraina er iallfall delvis betalte for.

Desse pengane skal blant anna ha kome frå USA og Polen. CNN hevdar også at kring ein tredel av internett-tilkoplinga var betalt for av dei same partane.

Ei toppkjelde i Pentagon seier til avisa at Musk og SpaceX er «frekke» som «kallar seg for heltar», samtidig som andre har måtta betale for mykje av arbeidet og Pentagon no har fått ei rekning på fleire titals millionar i månaden.

Bekreftar samtalar med SpaceX

Pentagon bekreftar til AFP at det er i samtale med milliardæren sitt selskap om korleis ein skal betale for den viktige nettverkstilkoplinga i Ukraina.

– Departementet har fått korrespondanse frå SpaceX om finansieringa av satellitt-kommunikasjonsproduktet i Ukraina, seier pressetalsperson Sabrina Singh i USA sitt forsvarsdepartement.

– Vi er framleis i samtale med SpaceX om dette og andre tema.

Denne SpaceX raketten sende 60 nye Starlink-satelitten opp i atmosfærn sist månad.

Denne SpaceX raketten sende 60 nye Starlink-satellitten opp i atmosfæren sist månad.

Foto: CHANDAN KHANNA / AFP

Singh har tidlegare fortalt journalistar at det finst moglege alternativ til Starlink, men ville ikkje seie konkret kva desse var.

I løpet av gårsdagen var Musk involverte i fleire konfliktar med ukrainske leiarar på Twitter, som blei provoserte av planen han la fram for å de-eskalere konflikten.

Denne omhandla blant anna å godta at Krim-halvøya blir russisk, og gjere folkeavstemmingane på nytt i områda som Russland prøvar å annektere. Det siste seier russiske toppleiarar at dei er positive til.

Bad Musk om å «dra til helvete»

Den ukrainske ambassadøren i Tyskland, Andriy Melnyk, blei fredag med i debatten om Musk sine forslag på Twitter. Han bad Musk om å «dra til helvete».

Musk svarte at SpaceX «berre følgde hans anbefaling 🤷».

-

Den ukrainske ambassadøren i Tyskland, Andriy Melnyk.

Foto: SOEREN STACHE / AFP

I går kveld sa likevel det amerikanske byrået for internasjonal utvikling at SpaceX ikkje hadde trekt tenestene sine i Ukraina, etter det dei kjende til.

Ein ukrainsk toppleiar som er tett på presidenten, Mykhaylo Podolyak, tvitra også dette:

– Anten vi likar det eller ikkje, har Elon Musk hjelpt oss å overleve dei mest kritiske augeblikka i krigen.

Han la til at Ukraina ville «finne ei løysing» slik at Starlink kunne halde fram i drift.

SISTE NYTT

Siste nytt