Hopp til innhold

Musharrafs maktbase raknar

Pervez Musharraf kallar uniformen den andre huda si. I åtte år har Musharraf vore Pakistans leiar og gjentatte gonger lovt å gjeninnføre sivilstyret i landet. Men framleis er han general Musharraf og forsvarssjef, seier utanriksredaktør Gunnar Myklebust i denne kommentaren.

President Pervez Musharraf.
Foto: AAMIR QURESHI / AFP

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Det blir fortalt at han framleis brukar meir tid i militærhovudkvarteret i Rawalpindi enn i presidentpalasset i hovudstaden.

Framleis trivst han best med å iføre seg den karakteristiske kamuflasjeuniformen og kjenne på dei klare kommandolinjene og den profesjonelle disiplinen i dei militære rekkene.

 

- Nasjonen vil rakne

Hæren er Musharrafs viktigaste maktbase. Han sit som landets leiar fordi generalane under han framleis meiner at Pakistan vil rakne som nasjon dersom sivile politikarar eller rettslærde fekk lov å styre.

Det pakistanske forsvaret er den sjuande sterkaste militærmakta i verda, med nær ein million mann under våpen og eit 50tal atomstridshovud til rådvelde.

Militært styre har meir vore regelen enn unntaket i dei 60 åra Pakistan har eksistert som sjølvstendig stat. Musharraf har vore trygg så lenge hæren er lojal, massene under kontroll og USA meiner at Pakistan trengst i kampen mot Al Qaida.

Det er ikkje underleg at presidenten nøler med å legge av uniformen.

Prega av panikk

For slik Musharraf har manøvrert dei siste par vekene, har han tapt det meste av tillit både heime og ute. Nærast panisk har han i tur og orden avsett høgsteretten, innført unntakstilstand og kasta tusenvis av opposisjonelle i fengsel. I tillegg til å plassere i husarrest den fremste rivalen sin, den som han skulle sikre presidentmakta si ved å bygge ein allianse med. Det kan ikkje bli anna enn bråk av slikt.

Nå pressar og trugar omverda. Dei såkalla samveldelanda vil hive Pakistan ut av fellesskapen dersom ikkje Musharraf går av som hærsjef og opphevar unntakstilstanden innan fem dagar. USA sit på pengesekken og har begynt å sjå seg om etter politiske alternativ i Pakistan.

Også for dei militære går det ei grense for lojaliteten. Ein ordre om å gripe inn overfor folkelege protestar og opposisjon, vil generalane neppe følgje. Og dei vil sikkert ikkje godta ein stans i pengeflaumen frå USA.

Uten hæren - isolert

Mistar Musharraf hærens støtte, er han i praksis heilt isolert.

USA har vore Musharrafs garantist. Men i Washington er dei opptatt av at for kvar dag som går utan at den konstitusjonelle krisa i Pakistan er løyst, taper dei verdfull tid i den såkalla krigen mot terroren. Kvar månad får Pakistan over ein halv milliard kroner frå USA bare for å jakte på mulege terroristar i fjellområda mellom Pakistan og Afghanistan. Ja, det aller meste av dei bortimot 60 milliardar kronene som Pakistan har fått av USA dei siste seks åra, har hamna i det pakistanske militærbudsjettet.

Mange meiner at det i kampen mot terrorismen hadde vore meir vel brukte pengar om ein del av desse milliardane blei slusa inn i utdanning og skolestell i staden for militærapparatet.

At det er John Negroponte, statssekretær med rykte som tøffing, og ikkje utanriksminister Condoleezza Rice som nå er i Pakistan for å presse Musharraf, fortel at amerikanarane er utålmodige og vil ha snarleg ro og orden igjen i Islamabad. Dei vil ha eit val utan unntakstilstand og med ein president i sivil. USA innser at Musharrafs politiske stilling er permanent svekka og ei pine både heime og ute, men gir han framleis ein sjanse.

Nøkkelen hos Bhutto

I øyeblikket ligg sjansen i ein ny avtale med Benazir Bhutto, som sterkast av alle har bedt han om å gå av. Greier Bhutto å samle dei ulike delane av opposisjonen, slik ho nå prøver, er nederlaget for Musharraf totalt.

Den pakistanske presidenten har alltid vore opptatt av bildet sitt som ein handlingens mann som aldri nøler, men går rett på sak og aldri gir etter eller vik unna. Ingen har unngått å merke seg at han den siste tida har hatt eit anna og meir nervøst kroppsspråk. Han svettar på TV og er klart ukomfortabel. Ein mann som er konfrontert med meir enn han likar - eller kan tåle.

Han har innsett ein ny høgsterett og ei midlertidig regjering av velvillige som sikkert kan gi han alle formelle fullmakter. Men den moralske autoriteten kan dei ikkje gjenreise, ei heller sikra han folkets støtte.

 

SISTE NYTT

Siste nytt