Mondelez er ein av verdas største matvareprodusentar, og står blant anna bak kjende merkevarer som Oreo, Philadelphia, Toblerone og Ritz.
Men fordi dei framleis har aktivitet i Russland etter invasjonen i februar i fjor, har selskapet svartelista av styresmaktene i Ukraina. Selskapet skal ha rundt 3000 tilsette i landet.
Ifølge Reuters har Mondelez allereie redusert produksjonen i Russland, og innan 2024 skal verksemda vere skilt ut frå resten av selskapet, seier dei i ei fråsegn.
Har tapt pengar
I Noreg og Sverige eig Mondelez Freia og Marabou, som den siste tida har opplevd å bli boikotta av fleire norske verksemder som ei følge av den ukrainske svartelistinga.
Men fleire av desse, som Elkjøp, Norwegian og Widerøe, valde onsdag å snu og avslutte boikotten.
Medan andre, som hotellkjeda Strawberry og SAS, valde å halde fram å boikotte.
– For oss handlar det om Mondelez som eigar og deira rolle i Russland, noko Ukrainas liste synleggjer, ikkje enkeltprodukt eller Freia, sa kommunikasjonssjef i SAS, Tonje Sund onsdag.
Mondelez vedgår i fråsegna at dei merkar den ukrainske svartelistinga og den nordiske boikotten godt økonomisk.
– Som ei følge av dette har salet av fleire av produkta gått merkbart ned. Både importvolumet og marknadsdelane har gått merkbart ned, skriv dei.
Ikkje på EUs sanksjonsliste
EU har innført fleire sanksjonspakkar mot Russland, og utarbeidd sanksjonslister over selskap som har verksemder der.
Mondelez står ikkje på desse sanksjonslistene. Det gjer at norske styresmakter heller ikkje har teke stilling til boikottaksjonen vi har sett i Noreg.
Utanriksdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet møtte onsdag norsk næringsliv. Bakgrunnen var at fleire verksemder ønskte ei avklaring frå styresmaktene.
– Desse vala må verksemdene ta sjølve, og ta det på eit grunnlag dei sjølve vurderer, sa statssekretær Halvard Ingebrigtsen (Ap) i Nærings- og fiskeridepartementet etter møtet.