Hopp til innhold

Mogleg varmerekord i Death Valley

Søndag ettermiddag blei det målt 54,4 grader i Death Valley i California. Det er ein av dei høgaste temperaturane som er målt på Jorda.

Death Valley

Bilistar blir åtvara mot den ekstreme varmen i Death Valley. Dersom den nye målinga blir godkjent, vil nasjonalparken ha dei offisielt to høgaste temperaturmålingane på Jorda gjennom tidene.

Foto: Steve Marcus / Reuters

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Målinga blei gjort i Furnace Creek i nasjonalparken Death Valley i California. Dersom målinga er korrekt, er det den høgaste temperaturen som er målt på jorda sidan 1913. Og den høgaste temperaturen nokosinne i august.

Det blei også målt høge temperaturar fleire stader i California søndag. I Los Angeles blei det målt 36,67 grader i sentrum, som er ei tangering av varmerekorden frå 1994.

Den høgaste godkjente temperaturen som er målt på jorda var også i Death Valley i juli i 1913. Då blei det målt 56,7 grader.

Usikre målingar

Men det er knytt uvisse til kor sikker den 107 år gamle målinga frå California er, skriv CBS News.

Ei undersøking frå 2016 samanlikna temperaturen i Death Valley i 1913 med temperaturane som blei målt andre stader i regionen på same tid.

Då fann dei så store skilnader i temperaturane dei konkluderte med at målinga sannsynlegvis var feil.

Målinga har likevel framleis statusen som høgaste målte temperatur, men det er ikkje uvanleg at slike rekordar blir kjent ugyldige.

I 1931 blei det målt 55 grader i Tunisia. Dette blei lenge rekna som den nest høgaste temperaturen målt på Jorda. Men målinga blei seinare stroken.

– Fleire gamle målingar har blitt underkjent etter at ein har samla all tilgjengeleg informasjon, og så har ein sett at dei ikkje kan stemme, seier klimaforskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt til NRK.

Trur på fleire rekordar

Det har vore målt over 50 grader fleire stader i verda dei siste åra. Global oppvarming gjer at vi truleg kjem til å sjå nye varmerekordar i tida som kjem, trur Mamen.

Jostein Mamen forsker ved Avdeling for klimatjenester, Meteorologisk institutt

Forskar ved avdeling for klimatenester ved Meteorologisk institutt seier vi ser at det stadig oftare blir sett varmerekordar.

Foto: Meteorologisk institutt

– Vi ser at det blir sett fleire varmerekordar enn kulderekordar. Og vi må forvente at slike rekordmålingar vil kunne opptre hyppigare framover.

Målinga i Furnace Creek er gjort i eit ørkenområde der det bor svært få. Dersom ein får så høge temperaturar i meir tettbygde strøk, vil det kunne få konsekvensar

– Dei allereie varme områda kan vente seg høgare temperaturar. Og då kan det bli vanskeleg å bu der. Det uroar også World Meteorological Organization (WMO), seier Mamen.

SISTE NYTT

Siste nytt