Hopp til innhold

Mista livet på K2

Den norske klatraren Rolf Bae har mista livet på K2, stadfestar talsmann Bjørn Sekkesæter for den norske klatreekspedisjonen.

K2, Rolf Bae
Foto: Nick Nielsen. Bildemontasje, NRK

Les: Norsk fjellklatrer savnet på K2

Bjørn Sekkesæter

Pressetalsmann Bjørn Sekkesæter

Foto: privat

- Rolf Bae (33) frå Sandnes omkom i ei tragisk ulukke på det 8.611 meter høge fjellet K2, fredag 1. august. Ulukka skjedde under nedstiging etter at to av av medlemmene i ekspedisjonen tidlegare på dagen hadde nådd toppen av fjellet, heiter det i meldinga frå pressetalsmann Bjørn Sekkesæter.

Bae var på veg tilbake ned mot Camp 4, som ligg på 8.000 meter, saman med andre norske ekspedisjonsmedlemmer då han vart teken av eit isras.

Andre medlemmer av den norske ekspedisjonen var vitne til ulukka.

Tre av medlemmene i ekspedisjonen gjekk forholdsvis samla. Rolf var blant dei og gjekk bakarst. Det var mørkt, så dei andre medlemmene såg ikkje nøyaktig kva som skjedde. Men då isen rasa og lyset til Rolf vart vekke, skjøna dei at han var teken av raset.

Bjørn Sekkesæter / NRK

Les også: - Dette er uendelig trist

Er nede ved basecamp

Resten av den norske K2-ekspedisjonen har i dag kome ned til basecamp på 5.000 meter. Også dei var i stor fare under og etter raset, fortel Sekkesæter.

- Då raset gjekk forsvann alle tau, men takka vere gode førebuingar og stort fokus på tryggleik hadde dei med seg ekstra tau og nok utstyr til å ta seg ned til Camp 4. Det var nok det som var med å redde dei øvrige medlemmene i ekspedisjonen, seier han til NRK.

Ni stadfesta omkomne

Det er uvisst kor mange klatrarar som har mista livet etter K2-ulukka.

Ifølgje ein pakistansk ekspedisjonsorganisator har minst ni klatrarar mista livet etter raset.

- Vi kan stadfeste at ein tyskar, ein nordmann og ein franskmann er blant dei døde, seier Mohammad Akram frå organisasjonen Adventure Foundation Pakistan til AFP.

Den pakistanske avisa The News siterer kjelder ved basecamp på at dei omkomne er ein nordmann, ein tyskar, ein serbar, ein pakistanar, to nepalarar og tre sørkoreanarar.

Den svenske klatraren Fredrik Sträng meiner at 11 personar har mista livet. Det seier han i eit intervju med svenske Aftonbladet i dag tidleg.

Sträng var sjølv på veg opp K2 fredag, men bestemte seg for å snu då veret skifta. På vegen ned havna ekspedisjonen hans midt i dødskaoset.

Ras tok tauet

Fyrst mistar ein person livet på om lag 8.100 meter. Delar av gruppa til den svenske klatraren prøvde å få den døde klatraren med seg til campen. På vegen ned mista ein pakistansk guide i gruppa festet og styrtar utfor eit stup.

Seinare fekk Sträng radiomeldingar om at delar av isveggen i Bottleneck Couloir - som er den vanskelegaste passasjen mot toppen - hadde rasa ut og teke med seg tryggingstauet.

Ifølgje Sträng mista fleire klatrarar livet i raset og fleire vart ståande fast ovanfor Bottleneck Couloir utan høve til å kome ned.

Skal fly over toppen

Fredrik Sträng seier til svenske Expressen at det no er planar om å fly over toppen på K2 for å prøve å lokalisere dei sakna klatrarane.

Dette må gjerast med propellfly, sidan helikopter ikkje kjem opp i så stor høgd.

- Det er vanskeleg å gjennomføre redningsaksjonar på fjellet. Dei som har vore der oppe for å hjelpe til, inkludert meg sjølv, er nede i basecampen no. Det finst grenser for kor lang tid det går an å opphalde seg i den høgda før ein sjølv må reddast.

- Mengder av folk har venta på å klatra til topps. På fredag ville 30 personar opp på ein gong, sidan veret var så fint. Derfor gjekk det som det gjekk, seier han til Aftonbladet.

- Kan ikkje klatre opp

Pressekontakt Bjørn Sekkesæter seier han ikkje veit om det er mogleg å hente Rolf Bae ned frå K2.

- Det er avhengig av kvar han ligg. Ingen veit kor langt ned han fall. Vi er avhengige av helikopter og då kan han ikkje liggje særleg høgare enn 5.000. Det er urealistisk å tru at nokon kan klatre opp for å hente han, seier Sekkesæter.

SISTE NYTT

Siste nytt