Hopp til innhold

Minst 19 omkom i flaum i Provence

Uvangleg store nedbørsmengder har ført til omfattande flaum i det sørlege Frankrike. 19 menneske er stadfesta døde, og fleire andre er sakna.

Video Flom i Frankrike

VIDEO: Sjå dei dramatiske bileta frå Les Arcs. (Amatørvideo)

Mange bilar vart tekne av vassmengdene i byen Draguignan.

Mange bilar vart tekne av dei enorme vassmengdene i byen Draguignan.

Foto: CHRISTIAN DAURES / Afp

Dei enorme nedbørsmengdene fekk vasstanden til å auke med fleire meter i mange elvar, og folk måtte i all hast flykte til meir høgtliggjande område. Andre søkte tilflukt på taka av husa sine, og dei vart seinare henta ut med helikopter.

Nordmenn i området

Fleire byar og landsbyar i Provence, like ovanfor Den franske rivieraen, er ramma. Hardest ramma er regionen Var. Det er meldt om dødsfall i byane Les Arcs, Draguignan, Luc, Muy og Roquebrune-sur-Argens.

Dette er eit område som ligg rundt ein halvtime med bil frå Rivieraen, og mange nordmenn og andre utlendingar har feriehus i området.

Ein tenestemann i Var-distriktet, Hugues Paralt, opplyser at det fall 180 millimeter nedbør i løpet av 12 timar.

- Vi har ikkje sett noko som liknar på dette på fleire tiår, seier han.

200.000 husstandar er utan straum i området.

Video Luftbilder av flommen

Et stort område stod under vann og flere var innesperret av flommen etter det voldsomme uværet.

Stengd inne av flaumen

Ein journalist i det franske nyheitsbyrået AFP fortel at han er stengd inne av flaumen i Draguignan, utan at han greier å kome seg vidare.

- I løpet av fem minutt steig vatnet med 50 til 60 centimeter. Og no er vasstanden over to meter over normalen, seier.

Han fortel om bilar og lastebilar som vart tekne av vassmengdene og flaut gjennom gatene som det skulle ha vore leikebilar.

Video Flommens ødeleggelser i Frankrike

Se ødeleggelsen i Draguignan. (Ikke lyd første del av videoen.)

Eit høgfartstog på veg frå Nice til Lille med 300 passasjerar om bord kjem seg ikkje vidare fordi jernbanelina er øydelagd av flaumen.

Meir enn 1000 menneske er involverte i redningsoperasjonen, blant dei fleire hundre som er henta inn frå andre franske regionar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: 16 druknet under flom i Arkansas

LES OGSÅ: Minst 20 omkom i flom i USA

LES OGSÅ: «Agatha» begravde familien hennes

LES OGSÅ: 40.000 rammet av flom i Filippinene

SISTE NYTT

Siste nytt