Tryggingstiltaka rundt Aludena-katedralen i sentrum av Madrid var massive. Politiske leiarar og kongelege frå heile verda var til stades i katedralen saman med mange av dei 1900 som vart skadde i terroraksjonen, og familiane til dei nesten 200 som miste livet.
Ein del av dei utanlandske gjestane ved minnehøgtida i Madrid. (Scanpix-foto)
Aludena-katedralen i madrid var fullsett under minnehøgtida i ettermiddag. (Scanpix-foto)
Vertskap
Kong Juan Carlos og dronning Sofia var vertskap for dei mange gjestane. Dronninga var ikkje den einaste som måtte tørke bort tårer då gudstenesta opna med at eit stort kor framførte eit rekviem for dei døde.
Utanfor katedralen hadde store menneskemengder møtt fram for å sjå minnestunda på gedigne tv-skjermar. Det blir rekna med at over 100.000 menneske var samla i sentrum av den spanske hovudstaden i ettermiddag.
Storbritannias statsminister Tony Blair og USAs utanriksminister Colin Powell var dei mest prominente gjestane frå landa som deltek i koalisjonen frå Irak-krigen, der også Spania har vore med. Men påtroppande statsminister i Spania, sosialisten Jose Luis Rodrigues Zapatero, har lovd å trekkje dei spanske soldatane ut av Irak, og dermed også ut av koalisjonen.
Kronprinsen
Tysklands forbundskanslar Gerhard Schrøder og Frankrikes president Jaques Chirac, begge sterke motstandarar av krigen mot Irak, var også til stades i Aludena-katedralen. Kronprins Haakon og utanriksminister Jan Petersen var dei offisielle norske representantane under minnehøgtida.
Prins Albert av Monaco handhelsar på prins Mulay rashid av Marokko, broren til kongen. (Scanpix-foto)
Den marokkanske kongefamilien var representert ved prins Mulay Rashid, broren til kongen. (Scanpix-foto)
Med i minnehøgtida var også prins Mulay av Marokko, broren til kong Mohammad. Dette var symbolsk viktig fordi dei som er mistenkte for å stå bak udåden i Madrid 11. mars er frå Marokko.
Smerte
Seremonien vart leidd av erkebiskopen av Madrid, kadenal Antonio Maria Rouco Varela. Han sa dette til dei som hadde mist sine kjære i terroraksjonen.
- Stor er smerta som har kome inn i liva dykkar og familiane dykkar etter den mørke dagen då brutal terroristisk vald, utført med unemneleg råskap, øydelagde liva til dei de var glade i, sa han blant anna.
Det var også lagt inn ei bøn for terroristane, med håp om at dei måtte gå tilbake til fredeleg sameksistens, og aldri igjen gå til angrep på andre menneske sine liv.
Etter seremonien gjekk kong Juan Carlos, dronning Sofia og andre medlemer av kongefamilien rundt blant dei etterlatne og uttrykte si medkjensle og sin respekt ved å handhelse og å omfamne dei