Hopp til innhold

Minister-kone måtte beklage Obama-vits

Kona til den israelske innanriksministeren er i hardt ver etter at ho la ut ein vits om Barack Obama som blir oppfatta som rasistisk. I dag bad ho om orsaking og sletta Twitter-meldinga.

Judy Shalom Nir-Mozes og mannen Silvan Shalom.

Dette biletet av Judy Shalom Nir-Mozes og Silvan Shalom er teke i Paris i 2005.

Foto: JACK GUEZ / Afp

Her er meldinga Judy Shalom Nir-Mozes, kona til innanriksminister Silvan Shalom, la ut tidlegare i dag:

– Veit du kva Obama Kaffi er? Svart og svak, heitte det i meldinga som gjekk ut til dei 74.400 følgjarane ho har på Twitter.

Bad om orsaking

Barack Obama

Kona til ein israelsk minister måtte beklage ein vits om USAs president Barack Obama, som mange oppfatta som rasistisk.

Foto: NICHOLAS KAMM / Afp

Seinare på dagen la ho ut denne meldinga: – Eg ber om orsaking, det var ein dum vits nokon fortalde til meg. I ei anna melding, retta direkte til Obama, skreiv ho: – President Obama, eg skulle ikkje ha skrive den upassande vitsen eg høyrde. Eg likar folk same kva rase og religion dei har.

Judy Shalom Nir-Mozes skriv også dette: – Eg er lei for det om eg har fornærma nokon. Eg håper eg framleis er gift når mannen min kjem heim og høyrer kva eg har gjort.

Silvan Shalom er partifelle og ein nær medarbeidar av statsminister Benjamin Netanyahu. Han har blant anna ansvaret i regjeringa for Israels forhold til USA, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Kjendis i Israel

Judy Shalom Nir-Mozes var kjendis i Israel også før Twitter-stormen i dag. Ho kjem frå den rike og mektige Mozez-familien, som blant anna eig den største avisa i landet, Yediot Aharnot. Ho har eit fast radioprogram kvar veke, og ho er også ein hyppig gjest i israelske fjernsynsprogram.

Ho er ivrig brukar av sosiale medium, og ho nyttar både Twitter og Facebook til å kome med hard kritikk av politikarar på venstrefløya for deira mangel på patriotisme. Ho har også ved fleire høve kritisert statsminister Netanyhau.

Svært mange reagerte på Obama-spøken i dag med å skulde den israelske ministerkona for rasisme.

Trekte seg frå Unicef

Judy Shalom Nir-Mozes har også tidlegare vore i hardt ver. I 2012 vart ho nominert som leiar i FNs barnefond, Unicef, si avdeling i Israel. Ifølgje Jerusalem Post trekte ho seg etter at det kom sterke reaksjonar på ein del meldingar ho la ut på Twitter og Facebook.

I meldingane heitte blant anna at palestinske born er opplærte til å hate Israel frå barndomen av, og at palestinske born har det i DNA-et sitt «å hate oss».

SISTE NYTT

Siste nytt