Hopp til innhold

Mexico vil deportere 500 migrantar etter grensestorming

Mexico seier landet umiddelbart vil utvise dei om lag 500 migrantane som «på valdeleg og ulovleg vis» forsøkte å krysse grensa til USA søndag.

Migrantar prøver å kome seg over grensa mellom Mexico og USA ved Tijuana.

Migrantar prøver å kome seg over grensa mellom Mexico og USA ved Tijuana.

Det melder det mexicanske innanriksdepartementet i ei fråsegn søndag kveld, ifølge BBC.

Migrantane, dei fleste frå El Salvador, Guatemala og Honduras, forsøkte å krysse grensa mellom USA og Mexico ved grenseovergangen San Ysidro i California. Der vart dei møtte av tåregass frå amerikanske grensevakter.

Deretter vart heile den travle grenseovergangen midlertidig stengt.

Varslar deportasjon

I fråsegna frå Mexicos innanriksminister heiter det at alle migrantane som er identifiserte, umiddelbart vil verte deporterte.

Vidare heiter det at migrantanes handlingar «langt frå har hjelpt målet deira» og at det heila kunne fått «alvorlege konsekvensar».

Mexicansk grensepoliti

Et stort tal mexicanske politifolk med hjelmar og skjold forsøkte og å stoppe migrantane.

Foto: Ramon Espinosa / AP

Minst 5000 migrantar er samla i den mexicanske grensebyen Tijuana, tett på grensa til det sørlege California. Dei har gått i samla flokk gjennom Mellom-Amerika mot den amerikanske grensa.

Familie på vei mot grensepost ved Chaparral i Mexico

Denne familien lykkast i år ta seg forbi mexicanske grensevakter ved Chaparral i Tijuana søndag. De forsøkte å komme seg til grensegjerdet ved San Ysidro.

Foto: Ramon Espinosa / AP

Tidlegare søndag gjekk fleire hundre migrantar forbi politisperringane i Tijuana. Dei bar med seg flagg og banner med påskrifta «vi er ikkje kriminelle».

Ordførar ber FN om hjelp

Ordføraren i Tijuana har erklært ein humanitær krise i byen som normalt huser 1,6 millionar menneske. Han har bedt FN om hjelp til å ta hand om dei om lag 5000 migrantane frå Mellom-Amerika som er samla ved grensa.

USAs president Donald Trump har omtala situasjonen som ein «invasjon» og sendt 5800 soldatar til grensa.

En mann fra Honduras står foran amerikanske grensevakter ved Tijuana

SPENT: Her står ein mann frå Honduras i samtale med amerikanske grensevakter ved Tijuana søndag. Han er ein av om lag 5000 migrantar som har flokka til grensebyen de siste vekene i håp om å få asyl i USA.

Foto: Ramon Espinosa / AP

SISTE NYTT

Siste nytt