Hopp til innhold

Mexico kom betre frå jordskjelvet enn frykta

Jordskjelvet som ramma Mexico og fleire andre land i Mellom-Amerika fredag morgon norsk tid, viste seg å gjere mindre skade enn ein kunne frykte. 61 menneske er stadfesta omkomne, men talet er venta å stige.

Jordskjelv i Mexico.

Jordskjelvet gjorde stor skade i delstaten Oaxaca. Her frå byen Juchitan de Zaragoza.

Foto: Ronaldo Schemidt / AFP

Det var like før midnatt lokal tid at jordskjelvet, som vart målt til 8,1, ramma havet utanfor Chiapas-regionen sør i Mexico. Skjelvet var svært djupt, og det er truleg årsaka til at det ikkje gjorde endå meir skade.

Målingane til det amerikanske jordskjelvsenteret USGS viste at skjelvet hadde same styrke som skjelvet som ramma Mexico by i 1985, der minst 10.000 menneske miste livet. Store delar av byen vart lagt i ruinar. Det har vore sagt at så mange som 20.000 menneske miste livet i dette skjelvet.

– Kraftigaste på 100 år

President Enrique Pena Nieto sa tidlegare i dag at jordskjelvet var det kraftigaste på 100 år, og at 50 millionar av dei 120 millionar innbyggjarane i landet kunne merke ristingane.

Skadd bygning i Mexico by.

Dette høghuset i Mexico by fekk skadar i skjelvet, trass i at episenteret var 1000 kilometer unna. Her frå Juchitan de Zaragoza på stillehavskysten.

Foto: Alfredo Estrella / AFP

Denne gongen ser det ut til at både dødstala og dei materielle øydeleggingane blir langt mindre, men skjelvet skapte panikk over store delar av Mexico.

Episenteret til jordskjelvet var 69,7 kilometer under havbotnen 87 kilometer ut i Stillehavet for Tapachula i Chiapas-regionen i Mexico, ikkje langt frå grensa til Guatemala.

Det vart sendt ut tsunamivarsel for store delar av Mellom-Amerika med bølgjer på rundt tre meter, men det vart snart klart at det ikkje kom til å bli så alvorleg. Dei største bølgjene etter skjelvet var på under ein meter.

Minst 35 omkom i jordskjelvet i Mexico

Høghusa svaia i Mexico by

Høghusa i Mexico by, 1000 kilometer frå episenteret, svaia då jordskjelvet ramma, og mange flykta ut i gatene i panikk. Men det vart gjort berre mindre materiell skade i hovudstaden, og det er ikkje meldt om alvorlege skadar på menneske.

Det var først og fremst i delstatane Oaxaca, Chiapas og Tabasco at jordskjelvet førte til dødsfall. 23 av dødsfalla er melde i Oaxaca. Laurdag morgon norsk tid er 61 menneske stadfesta omkomne i heile Mexico, melder AFP.

Soldatar frå hæren deltek i redningsarbeidet.

Soldatar frå både hæren og marinen deltok i redningsarbeidet etter jordskjelvet i Mexico. Her frå byen

Foto: Ronaldo Schemidt / AFP
Jordskjelv i Tacana i Guatemala.

Jordskjelvet ramma også Guatemala. Her er menneske framfor det øydelagde huset sitt i byen Tacana ikkje langt frå grensa til Mexico.

Foto: Johan Ordonez / AFP
Ei øydelagt kyrkje i Juchitan de Zaragoza.

Statuen står att, men San Vicente Ferrer-kyrkja i Juchitan de Zaragoza har rasa saman.

Foto: Ronaldo Schemidt / AFP

Styresmaktene i Mexico har ikkje full oversikt over situasjonen. President Enrique Pena Nieto seier at det kan ta fleire dagar før dei kjenner det fulle omfanget av naturkatastrofen. Menneske kan vere fanga i ruinane av bygningar i isolerte område av landet.

Det har ikkje kome meldingar om at nordmenn er ramma av skjelvet.

Skapte frykt

Svenske Elvira Acevedo bur på den meksikanske stillehavskysten. Ho fortel dette til det svenske nyheitsbyrået TT:

– Jordskjelvet var svært kraftig. Alt rista. Vi vakna, og eg berre tok dottera mi og sprang ut av huset. Vi er så redde.

USGS har registrert over 20 etterskjelv med styrke over 4. Det er venta eit mykje kraftigare etterskjelv i løpet av dei nærmaste timane.

Rodrigo Soberanes, som bur nær San Christobal de las Casas i Chiapas, seier til nyheitsbyrået AP at bygningane bevega seg som tyggegummi , og at lyset og nettsambandet forsvann med ein gong.

Chiapas er ein av dei fattigaste delstatane i Mexico. I byen Juchitan de Zaragoza kollapsa eit hotell, medan rådhuset vart delvis øydelagt. Ei kyrkje vart også øydelagt av det kraftige skjelvet.

SISTE NYTT

Siste nytt