Hopp til innhold

Mercedes gjekk på veggen

Det vekte naturleg nok stor oppsikt då bakparten på ein kvit Mercedes med eitt stakk ut frå sjette etasje i ein bygning i byen Tulsa i Oklahoma i USA.

Video Bil henger ut av veggen i sjette etasje

Bilen var inne i eit parkeringsanlegg i sjette etasje av ein større bygning i sentrum av den amerikanske storbyen. Føraren har fortalt til politiet at han på ein eller annan måte sette fast foten sin under gasspedalen, og at dette fekk bilen til å skyte fart medan han rygga.

Og resultatet ser vi her, Mercedezen vart hengjande med bakparten ut av veggen. Fleire bilar som stod parkerte nede på gata fekk store skadar av fallande murrestar frå bygningen.

Hendinga i sentrum av Tulsa samla store mengder nyskjerrige utanfor, og bileta frå den heilt spesielle parkeringa har gått verda rundt i dag.

SISTE NYTT

Siste nytt