Hopp til innhold

Medvedev gratulerer Janukovitsj

Den russiske presidenten Dimitrij Medvedev gratulerer Viktor Janukovitsj med sigeren i det ukrainske valet.

Valgplakater i Kiev av Viktor Janukovitsj og Julia Timosjenko

GRATULERT AV RUSSLAND: Viktor Janukovitsj blir gratulert som vinnar av valet i Ukraina. Men motstandar Julia Timosjenko har ikkje innrømma nederlag enno.

Foto: Alexander Zemlianichenko / Scanpix/AP

Julia Timosjenko har ikkje innrømma nederlag i det ukrainske valet, men den russiske presidenten gratulerer likevel rivalen Viktor Janukovitsj.

I meldinga frå Kreml gratulerer Medvedev Janukovitsj med vel gjennomført val, og med at han er valt til president i Ukraina. Gratulasjonen kom på telefon til Janukovitsj, som sjølv har gjort krav på sigeren.

Fryktar påstand om valjuks

Rivalen Timosjenko har varsla at ho vil gå til retten for å få valresultatet underkjent. Ifølge avisa Ukrainske Pravda har ho sagt at ho aldri vil godkjenne legitimiteten til Janukovitsj etter eit slikt val.

Hennar valkampleiar seier dei har gjennomført ei alternativ teljing, som viser at Timosjenko hadde fleire stemmer enn Janukovitsj då 85 prosent av stemmene var talde. Det er frykta at Timosjenko vil bruke dette til hevde at det har føregått valjuks, og at dette kan føre til opprør og bråk i gatene.

Russlandvenleg vinnar

Den offisielle teljinga viser at Janukovitsj fekk 2,9 prosentpoeng fleire stemmer enn Timosjenko. Vestlege observatørar har omtalt valet som i hovudsak fritt og rettferdig.

Janukovitsj er rekna for å vere den mest russiskvenlege av kandidatane. Valresultatet kan dermed føre til at Russland og Ukraina finn tilbake til eit betre samarbeid etter fem år med krangling,

SISTE NYTT

Siste nytt