Hopp til innhold

Kevin McCarthy er ny leiar for Representanthuset: – Har svekka sin eigen posisjon

To ekspertar som NRK har snakka med meiner Kevin McCarthy måtte love vekk ting han elles ikkje ville gjort for å vinne leiarvervet.

APTOPIX Congress

FULLT KAOS: Ein representant måtte haldast tilbake etter at fleire medlemmer igjen nekta å stemme på McCarthy.

Foto: Andrew Harnik / AP

Det måtte femten avstemmingar til før Kevin McCarthy fekk nok Republikanarar på si side. Han blei leiar kring 06.30 laurdag morgon, norsk tid.

Kaoset enda med at han vann med 216 stemmer av 428. Det var fordi fleire Republikanarar til slutt valde å ikkje stemme.

Dei siste dagane har McCarthy sin fløy snakka om ein avtale dei har forhandla fram for å få resten av Republikanarane over på si side.

Detaljane i denne er framleis uklare, men nokre endringar har blitt kjent i det offentlege.

-

Republikanaren Kevin McCarthy blei vald som leiar i Representantane sitt hus etter femten avstemmingar laurdag morgon.

Foto: OLIVIER DOULIERY / AFP

– Eitt eksempel er at terskelen for å ha ei avstemming mot rolla hans som leiar er senka heilt ned til eitt medlem, seier Are Tågvold Flaten, som er redaktør i Amerikanskpolitikk.no.

Han meiner at McCarthy derfor står svakare som leiar enn han elles ville gjort.

– Det vil gjere det vanskeleg å leie eit såpass smalt fleirtal som Republikanarane har.

Også USA-ekspert og journalist i Minerva, Jan Arild Snoen, meiner McCarthy måte gi frå seg mykje for å oppnå sigeren, som å gi den radikale fraksjonen meir sentrale posisjonar enn før.

Jan Arild Snoen, journalist og spaltist i Minerva

Jan Arild Snoen er journalist og spaltist i Minerva.

Foto: Philippe Bédos Ulvin

Han trur ikkje at Republikanarane i huset kjem til å vere «spesielt konstruktive» dei neste to åra.

– Det at McCarthy må ta omsyn til denne ytterfløya gjer at moglegheita for samarbeid og kompromiss blir endå mindre. Men den var altså liten på førehand.

– Det blir ein periode med mykje stillstand i politikken på dei fleste område.

Drama etter fjortande runde

Bilete frå stemmerunden før, som også enda med 216 stemmer, førte til at Mike Rogers frå Alabama måtte haldast igjen i ein konfrontasjon med radikale Matt Gaetz.

Gaetz er sterkt kritisk til McCarthy og har fleire gongar sagt at minoritetsleiaren for Republikanarane bør setjast i «tvangstrøye», noko som her refererer til å avgrense kor mykje makt han sit med.

Video frå kammeret syner ein krangel mellom McCarthy sin fløy og Gaetz, før Rogers brasa inn og eskalerte konflikten.

McCarthy var på veg bort frå forsamlinga då dette skjedde, og snudde brått då volumet auka bak han i salen. Då han blei spurt kva som skjedde av New York Times, svarte han:

– Å, ingenting. Eg meiner, vi enda opp med uavgjort, og han klarte å få dei andre til å la vere å stemme.

«Det var lett, hæ?»

Det er likevel ein stor dag for partiet. For første gong sidan tysdag morgon, har USA ein fullt fungerande kongress med representantar som er sverja inn.

– Det var lett, hæ? Eg trudde aldri eg skulle kome meg opp her, spøkte McCarthy frå talarstolen etter å ha motteke ståande applaus frå salen.

– Far min sa alltid til meg: Det er ikkje korleis du startar, men korleis du avsluttar. Og no må vi avslutte sterkt for det amerikanske folket.

I talen sin etter avstemminga la McCarthy vekt på at kongressen sitt ansvar er overfor det amerikanske folket.

Richard Hudson

Her blir Mike Rogers halde igjen av representant Richard Hudson frå Nord-Carolina.

Foto: ANNA MONEYMAKER / AFP

Han snakka om openheit i den politiske debatten, styrkinga av FBI og styrking av USA sine landegrenser.

– Eg håper ein ting er klart etter denne veka: Eg gir aldri opp. Og eg gir dette løftet: Eg vil aldri gi opp dykk, det amerikanske folk, sa McCarthy i talen.

Etter talen blei representantane tekne i eid, og den 118. kongressen blei opna.

Fyrst stemte dei fleste republikanarane for pause fram til måndag med 217 stemmer, då den fjortande avstemminga ikkje kom til nokon konklusjon.

Etter mykje dramatikk i salen og press frå McCarthy endra fleire titals medlemmer stemma si. Dei stemte dermed med Demokratane for å halde fram med å stemme.

Biden gratulerer

McCarthy klarte ikkje å få dei siste opprørarane i sitt eige parti til å stemme på seg i den femtande avstemminga, men han fekk dei til å la vere å stemme på ein mindre populær motstandar.

Han hadde på førehand sagt at han rekna med å bli valt i den fjortande avstemminga.

– Eg har stemmene til å bli vald, sa McCarthy på veg ut av salen etter avstemming tretten.

Om alle hadde stemt hadde McCarthy trengt 218 stemmer for å få fleirtal. I avstemming nummer tretten, fredag kveld, fekk McCarthy 214 stemmer.

Kevin McCarthy (til høyre) havna i ein heftig krangel med partikollega Matt Gaetz (frå Florida) etter at McCarthy ikkje fekk fleirtal i den 14. avstemminga.

Kevin McCarthy (til høyre) hamna i ein heftig krangel med partikollega Matt Gaetz (frå Florida) etter at McCarthy ikkje fekk fleirtal i den 14. avstemminga om kongressleiar.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP

President Joe Biden gratulerte McCarthy med valet etter siste avstemming.

– Eg er førebudd på å jobbe saman med Republikanarar når eg kan. Dette er ei tid å styre ansvarleg og å sikre at me set interessene til amerikanske familiar først, sa Biden.

Også stortingspresidenten her i Noreg, Masud Gharahkhani, gratulerte McCarthy med jobben laurdag morgon.

– Gratulerer til Kevin McCarthy som leiar for Representanthuset i USA. Eg håpar på at vi sest i nær framtid. Eg ønsker deg lukke til, skreiv han i ein e-post til NRK.

Leiaren for Demokratane i senatet, Chuck Schumer, kom med ein meir spissa kommentar til McCarthy på Twitter.

– Kongressleiar McCarthy sin draumejobb kan bli til eit mareritt for det amerikanske folket, skreiv han.

SISTE NYTT

Siste nytt