Hopp til innhold

Nordkoreanske ungdomar marsjerer og hyllar krigen

Ein ny video frå nordkoreansk fjernsyn viser korleis fleire tusen ungdomar, både gutar og jenter, melder seg som frivillige til den nordkoreanske hæren.

Video frå nordkoreansk fjernsyn som blant anna viser studentar som melder seg som frivillige til hæren.

VIDEO: Norkoreanske ungdomar melder seg frivillig til krigen.

Nordkoreanske styresmakter har sett i verk ein omfattande propagandakampanje for å overtyde innbyggjarane i det lukka landet om at dei er trua militært av Sør-Korea og USA. Krisretorikken i landet blir stadig meir overskuggande.

Kim Jong-un

Nord-Koreas nye leiar har brukt mykje tid saman med soldatar den siste tida.

Foto: KCNA / Reuters

Nord-Korea er eit gjennommilitarisert samfunn med over ein million soldatar under våpen. Og ifølgje styresmaktene strøymer no studentar og arbeidarar til for å gjere innsats for dei væpna styrkane.

Syng om krigen

Videoklippet over startar med unge nordkoreanarar, i hovudsak studentar ifølgje det nordkoreanske nyheitsbyrået KCNA, som syng krigs- og kampsongar på grunn av den spente situasjonen på den koreanske halvøya.

Så går det over til ein sekvens der unge nordkoreanarar melder seg til frivillig teneste for dei væpna styrkane. I bakgrunnen ser vi eit stort banner med følgjande tekst:

Fei vekk fienden og invasjonsstyrken, USA.

Vi ser ungdomar som knuser mursteinar eller betongelement med karate, meir marsjering og meir synging av kampsongar.

LES OGSÅ: Nord-Korea truer med å «utslette» grenseøy

Stadig meir isolert

Nord-Korea har trua med å angripe nabolandet Sør-Korea og USA med atomvåpen. USA og Sør-Korea gjennomfører i desse dagar ein stor felles militærøving, og dette har falle nordkoreanske styresmakter tungt for brystet.

Tryggingsrådet i FN har også skjerpt sanksjonane mot Nord-Korea, etter ei prøveoppskyting av ein langdistanserakett tidlegare i vinter. Det nordkoreanske regimet blir stadig meir isolert, og også Kina har gitt si støtte til dei siste sanksjonane mot landet.

Nord-Korea har også oppheva våpenkvileavtalen med Sør-Korea . No meiner mange sørkoreanarar at dei må skaffe seg atomvåpen for å stå mot trusselen frå den lunefulle naboen i nord.

Truslane frå Nord-Korea har også fått USA til å styrkje sitt rakettforsvar på Stillehavskysten.

SISTE NYTT

Siste nytt