Hopp til innhold

Mann som sa han var blind blei teken for å køyre bil

Ein mann i Sør-Korea let som om han var blind for å få offentleg stønad. No er han mistenkt for forfalsking etter at naboen hans såg han køyre bil.

Mannen budde i eit distrikt i den sørkoreanske storbyen Busan.

Sørkoreansk politi arresterte torsdag ein mann i 40-åra, mistenkt for lovbrot og forfalsking, skriv den engelskspråklege, koreanske avisa The Korean Herald.

Mannen skal ha levd som blind i åtte år, og motteke 118 millionar won, eller over 870.000 norske kroner, i offentleg stønad. Politiet seier at mannen skal ha fått diagnosen blind på eit lokalsjukehus i samband med behandling av ein augesjukdom.

Avslørt av nabo

Sjukdommen gjorde at han måtte bruke briller, men tilstanden svekka ikkje synet hans.

Politiet seier at han blei teken etter at ein av naboane hans, som trudde mannen var blind, såg han køyre bil. Naboen melde han difor til politiet.

På telefonen til den mistenkte fann dei også ein video der mannen køyrer på motorvegen.

Ifølgje politiet skal mannen ha vedgått lovbrota, og seier han gjorde det for å ta imot støtte som var meint for personar med handikap.

SISTE NYTT

Siste nytt