Førre veke gav russiske styrkar ukrainarane i stålverket Azovstal eit ultimatum, og lova trygge fluktvegar til dei som la ned våpena.
Stålverket er omringa av russiske styrkar og dei ukrainske soldatane er heilt isolerte.
– Me har berre dagar, kanskje berre timar, igjen, sa major Serhij Volyna etter tidsfristen var ute.
Volyna leiar ei av dei to ukrainske gruppene som held stand inne i stålverket.
Fleire hundre sivile skal òg ha søkt tilflukt på det enorme stålverksområdet, som er prega av mange underjordiske gangar og store industribygningar.
Majoren seier at dei slit med å få inn vatn, mat og våpen, og ber om hjelp til å evakuera.
– Folk her vil rett og slett døy. Skadde vil døy. Dei som er i live no vil bli drepne under kamp, hevdar majoren i ein video onsdag.
Påstandane hans er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder.
FN håpar på evakuering fredag
Generalsekretæren i FN António Guterres seier at dei jobbar på spreng for å få i gang ei evakuering av sivile og at dei håpar på ei evakuering frå stålverket fredag.
Han reknar med at det ikkje blir ei enkel oppgåve, ifølgje AFP.
– Operasjonen er vanskeleg for det er personar som oppheld seg i ein bunker i ein svært spent situasjon. Det krev tillit hos dei som får forlate staden, og tillit til at dette ikkje blir utnytta av andre aktørar, seier Guterres.
Tysdag hadde han ein møte med den russiske presidenten i Moskva.
Russlands president Vladimir Putin i samtale med FNs generalsekretær António Guterres.
Foto: Vladimir Astapkovich / API forkant av møtet opplyste FN at Putin «i prinsippet» hadde gått med på å la FN og den internasjonale Raude Kross-komiteen hjelpa til med å evakuera sivile frå stålverket.
Snakk om fleire hundre sivile
Det er usikkert kor mange som held til i det omleira stålverket.
Ifølge ukrainske myndigheiter er det snakk om fleire hundre sivile og 2000 soldatar. Mange av soldatane er skadde.
Videoen skal visa barn i stålverket Azovstal. Han blei publisert 23. april, men det er usikkert når opptaka er frå.
Ukraina har fleire gonger kritisert russiske styrkar for å ikkje ha oppretta trygge fluktvegar ut av Mariupol.
Putin hevdar på si side at styrkane hans ikkje hindrar sivile frå å evakuera, og at det er dei ukrainske soldatane som held sivile som menneskelege skjold.
Russland har lagt fram denne påstanden tidlegare, utan at det har vore mogleg å bevisa.
Ifølgje majoren i Azovstal skal meir enn 600 ukrainske soldatar vera skadde.
– Det er veldig vanskeleg å gje medisinsk hjelp til dei her.
Majoren hevdar at dei verken har medisinar eller det helsepersonellet dei treng.
Røyk stig frå stålverket Azovstal i Mariupol i søraustlege Ukraina 25. april.
Foto: ALEXANDER ERMOCHENKO / Reuters– Ikkje innstilt på kampstans
FN har tidlegare bede om umiddelbar stans i kampane i Mariupol.
– Liva til titusenvis, inkludert kvinner, barn og eldre menneske, står på spel i Mariupol, sa krisekoordinator i FN, Amin Awad ifølge AFP.
Før møtet med Putin møtte FNs generalsekretær Russlands utanriksminister Sergej Lavrov.
Ifølgje Guterres er ikkje russiske styresmakter innstilte på å stanse kamphandlingane med det same.
Lavrov sa på si side at Russland er interessert i å finna ei fredeleg løysing via diplomatiske forhandlingar.