Torsdag blei mange ukrainarar brutalt vekka, etter at Russlands president Vladimir Putin sende militære styrkar over grensa.
– Eg ser ein rakett i lufta no! Angrepa kjem no også sør i Kyiv, roper ukrainske Valentin Ilchuk i telefonen medan han snakkar med NRK.
Han er medlem av motstandsbevegelsen i Ukraina og var tett på fronten i 2014.
– Saman med fleire frivillige veteranar køyrer vi no frå grensa i sør og inn mot hovudstaden Kyiv for å melde oss til kamp, fortel Valentin Ilchuk
– Vi har ikkje noko val
Til vanleg bor han i sør, like utanfor Kyiv, med kone og ei dotter på seks år. Han livnærer seg som web-designar. Mellom 2000 og 2002 gjekk han på Red Cross Nordic United World Collage i Flekke, Fjaler kommune.
No er kona, dottera og svigerfamilien evakuert vestover. Alle er redde.
– På vegen no passerte vi ein militær flybase som blei trefte av tre rakettangrep i dag morges. Den ser ganske øydelagt ut.
Ifølge Valentin Ilchuk går føre seg det no russiske angrep med helikopter frå nord mot hovudstaden. Difor er dei ukrainske veteranane på veg dit.
– Vi har forberedt oss på dette ei stund, og er no koordinert med offisielle grupper. Vi har hatt nok krig og vil eigentleg ikkje kjempe meir, men no har vi ikkje noko val. Tar russarane over landet, vil dei gå etter patriotar som oss.
– Har de våpen og utstyret som skal til?
– I utgangspunktet har vi jaktvåpen, nok patroner, radioar og er godt trena. Vi håper å få tak i tyngre utstyr. Russarane er godt utrusta, så vi håper på betre utstyr for å kjempe mot dei.
– Eg trur vi går mot eit blodbad. Eg trur mange vil døy.
Meiner dei er godt forberedde
Samstundes meiner han at det ukrainske militæret har gjort ein god jobb med førebuingsarbeidet sitt.
Han viser til at då dei første angrepa starta i natt, var mange av dei militære basane evakuert – slik at dei russiske rakettane trefte tomme bygningar.
– Eg trur ukrainarar er lei av å vere redde, dei er lei av å leve under press frå Russland. Heile Ukraina yter no maksimal motstand, seier Valentin Ilchuk på telefon til NRK.
Reiser vekk
Medan Valentin Ilchuk reiser i retning kampane, forsøker mange å kome seg ut frå landet.
Nordmannen Vidar Øksendal frå Flekkefjord var i Kharkiv, og vakna til eksplosjonar i femtida torsdag morgon.
– Då henta eg tinga mine, sette meg i bilen og køyrde, beskriv Øksendal til NRK.
Vidar Øksendal er på ferie i Ukraina.
Foto: PrivatPå veg ut av byen såg han fleire stridsvogner som var på veg inn i byen.
– Eg har snakka med fleire lokale som seier at alle utfartsårer ut av byen er blokkerte, slik at det er umogeleg å komme seg ut, seier Øksendal.
Trudde ikkje det skulle bli invasjon
Han er på veg til Romania og skal forsøke å ta seg over grensa i kveld.
– Eg køyrde nettopp gjennom ein liten by. Der var det ganske mykje folk og lange køar på alle bensinstasjonane. Det såg ut som at fleire av bensinstasjonane var i ferd med å gå tomme for drivstoff.
Delar av ein rakett enda opp i denne leiligheita utanfor byen Kharkiv.
Ødeleggelser fra et missil i Ukrainas hovedstad Kyiv torsdag morgen.
Foto: Sergei Supinsky / AFPRøyk over Kharkiv i Ukraina, etter en eksplosjon ved en flyplass.
Ukrainske myndigheter har tatt dette bildet, som ifølge dem er en brannskadd militær base i byen Brovary. Ifølge ukrainske myndigheter har dette skjedd etter at Russland sendte militære styrker inn i landet.
Ein såra mann får hjelp i Kharkiv
– Visste du om situasjonen då du fór på ferie til Ukraina?
– Eg visste at det var ei oppbygging på gang på russisk side, men eg har hatt kontakt med kjenningar her nede heile tida og har hatt god tru på at det ikkje skulle bli invasjon, svarar Øksendal.
Stranda på flyplassen
Nordmannen er ikkje den einaste som no forsøker å kome seg lenger vekk frå den russiske grensa.
I hovudstaden Kyiv er t-banestasjonar og busstasjonar fylte opp av personar som prøver å kome seg vekk. Overalt er det sekkar, baggar og trillekoffertar.
Men på flyplassen står flya parkert.
Utanfor avgangshallen står mange med koffertar og baggar. Men dei kjem seg ikkje av garde.
Gulnara skulle fly til Baku i dag. Men flyet hennar er innstilt på grunn av krigen, og no veit ho ikkje kva ho skal gjere.
Foto: ReutersGulnara seier til nyheitsbyrået Reuters at ho hadde billett til Baku i Aserbajdsjan, men no er flyet innstilt på grunn av krigen.
– Ingen hjelper oss no. Ingen fortel oss kva som skjer eller kva vi bør gjere. Ingen svarar, vi veit ikkje kva vi skal gjere, seier ho.
Rundt ho står folk og sjekkar mobilane sine for informasjon.
Flykta til fots
Mange har valt å reise over grensa til Polen. Ein av dei er Alexander Bazhanov, som flykta frå heimen sin i Øst-Ukraina. Saman med kona og eit lite born tok han beina fatt og bar med seg det han kunne.
Han bestemde seg for å reise til Polen då ein kollega sa at krigen hadde begynt.
– Eg føler ikkje noko, anna enn at eg er veldig redd, seier Bazhanov til nyheitsbyrået Reuters.
Rømte då mora ringde
Ei anna som er på flukt, er Leira. I Kyiv gjekk det rykter om at krigen skulle starte klokka fire om morgonen, så ho heldt seg vaken. Men då klokka blei fire og ho ikkje merka noko, la ho seg til å sove.
Så ringde mora og sa at krigen har starta.
– No skal eg til foreldra mine som bur midt i Ukraina, eg trur det er tryggare der, sa ho til nyheitsbyrået Reuters.
Store mengder bilar fører til lange køar og trafikkorkar i gatene, viser bilete frå hovudstaden. Det ukrainske togselskapet har dessutan sagt at det skal settast opp evakuerings-avgangar frå Aust-Ukraina og frå Odesa.
Mange vil vekk frå Kharkiv. Det har ført til lange køar på vegane ut frå byen.
Foto: Antonio Bronic / ReutersUtanfor minibankane har det òg danna seg lange køar av ukrainarar som vil ta ut pengane sine.
Også i kystbyen Mariupol er det full panikk, etter fleire eksplosjonar i morgontimane. Ei kvinne kom til tomme bygningar då ho skulle på arbeid.
– Eg er åleine på jobb. Kvar skal eg springe? Kvar kan eg fare, ver så snill å fortel meg, Gud.
Ei anna kvinne står saman med sonen sin.
– Kvar skal eg skjule borna? Det finst ingen bomberom, her er ingenting, det er eit opent område. Kvar kan eg gå?
Forlèt ikkje heimbyen
Bilete frå Kharkiv viser fortvila menneskje som gret over kroppane til familie eller vener som er omkomne. Dei viser store materielle øydeleggingar og svart røyk som heng over byen.
Nyheitsbyrået Abaca Press har bilete som viser skadde menneske. Ukrainske myndigheiter har dessutan opplyst til nyheitsbyrået Reuters at ein gut er drepen etter eit missilangrep mot ei bustadblokk i Kharkiv.
Utanfor sjukehus i den øst-ukrainske byen har det danna seg køar av folk som vil donere blod. Ifølgje ein sjukepleiar har dei fått dobbelt så mange donasjonar som vanleg.
Mange vil donere blod i Kharkiv. Utanfor sjukehusa har det danna seg lange køar.
Foto: ReutersFor Øksendal og mange andre var det ei sjølvfølgje å forlate Kharkiv då russarane invaderte byen, men ikkje alle tenker slik:
– Eg såg folk som sprang på gatene. Nokre sat seg i bilane sine. Men familien min skal ingen stad, for dette er heimen vår, sa ukrainske Sasha til nyheitsbyrået Ap.



Ho bur i Kharkiv. Dette blei den verste soloppgangen i livet hennar.
– Eg vakna klokka fem om morgonen og høyrde fleire skot.
Sasha og familien har ingen planar om å forlate heimbyen Kharkiv.
Sasha trudde fyrst det var fyrverkeri ho høyrde, men då ho sprang til balkongen forstod ho at det var eksplosjonar. Ho såg nemleg at det var røyk i horisonten.
– Eg hadde aldri trudd at dette kunne skje i Kharkiv. For til trass for at byen er nær den russiske grensa, verkar det som ein svært roleg plass.
Skota og uroa kom samtidig med at den russiske presidenten Vladimir Putin erklærte at det ville bli ein militæroperasjon i Aust-Ukraina for å beskytte dei sivile.





