Hopp til innhold

Livsfarleg skuleveg – bandittar truar norsk­støtta skule på Haiti

Dei er betre væpna enn politiet. – Det er katastrofalt no, og det blir berre verre og verre, seier feltarbeidar Tony Boursiquot om situasjonen i Haiti.

Maskerte medlemmar av gjengen G9 and Family i nabolaget Delmas 6 i Port-au-Prince på Haiti. Dei står vakt under ei pressekonferanse halde av leiaren deira Barbecue den 5. mars 2024.

Maskerte medlemmer av gjengen G9 and Family i nabolaget Delmas 6 i Port-au-Prince på Haiti. Dei held vakt under ein pressekonferanse heldt av leiaren Barbeque.

Foto: Odelyn Joseph / AP

Bandar som spreier uhygge, terror og står bak kidnappingar på Haiti, herjar i store delar av landet.

På telefon med varierande dekning frå Haiti fortel Tony Boursiquot om dramaet som finn stad på øya.

Boursiquot er feltarbeidar og jobbar for Star of Hope, ein norskstøtta organisasjon som driv sju skular på Haiti.

– Bandittar har teke kontroll over heile lokalsamfunnet i nabolaget Rigaud, seier han.

Gjengmedlemmene truar med tortur og drap for å skremme alle bort.

Ungdom løper fra et sammenstøt mellom politi og bande i Haiti1 mars.

Folk spring i dekning etter ein samanstøyt mellom politi og ein bande i Port-au-Prince 1. mars.

Foto: RALPH TEDY EROL / Reuters

Dei som ikkje ønsker å overgi seg til bandittane i Port-au-Prince har ikkje noko anna val enn å flykte til landsbygda, fortel Boursiquot.

Haiti har vore prega av uro og gjengvald i ei årrekke, og natt til søndag rømte mange frå et fengsel i hovudstaden.

Myndigheitene på Haiti har erklært unntakstilstand og innført portforbod.

Torsdag sa regjeringa at unntakstilstanden i Port au Prince blir utvida med ein månad.

Samstundes seier FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) at helsesystemet i landet er nær samanbrot, melder Reuters.

Det er mangel på personal, utstyr, senger, medisinar, og blod til dei med skotskader.

Flyktar over hals og hovud frå norskstøtta skule

Mange foreldre tek ikkje sjansen på å sende barna sine på skulen.

Skulevegen er livsfarleg.

Somme skular er stengde fordi lærarar ikkje vågar å dra på jobb. For nokre skular er situasjonen endå meir alvorleg.

Skulebygg i Rigaud i Port-au-Prince på Haiti

Slik såg skulen til Star of Hope ut før den vart plyndra av bandittane.

Foto: Star of Hope

No er skulen vår i Rigaud utanfor Port-au-Prince plyndra og folk har vore nøydde til å flykte frå alt dei eig.

Det seier dagleg leiar Ragnar Løsnesløkken i Star of Hope Norway til NRK.

Ragnar Løsnesløkken i Star of Hope Norway.

Dagleg leiar for Star of Hope Norway, Ragnar Løsnesløkken. Dei driv sju skolar i Haiti.

Foto: Victoria Mulelid

Barn på skulen vår har opplevd at gjengar batt fast mennene slik at dei kunne valdta konene og døtrene deira, seier Løsnesløkken.

Han fortel at feltansvarleg Tony Boursiquot, kjempar vidare sjølv om han har fått sett ein pris på hovudet sitt.

Viss ikkje du samarbeider, drep dei deg

Boursiquot er på veg lenger sør i landet når NRK får kontakt med han.

Han og kona Myrtha har flykta lenger sør, slik mange av innbyggarane i Port-au-Prince har gjort for å sleppe unna valden i hovudstaden. No driv dei arbeidet sitt derifrå.

Tony i Star of Hope i Haiti

Tony Boursiquot måtte flykte saman med elevane frå skulen i Haiti. Han jobbar for Star of Hope som driv sju skular i Haiti.

Foto: Star of Hope Norge / privat

– Blir du i byen må du samarbeide med bandittane, elles drep dei deg, seier han.

På landsbygda slit mange med å få tak i varer frå byen. Boursiquot fryktar det blir matmangel.

Før serverte Star of Hope-skulane fem måltid i veka, no får barna ved nokre av skulane berre tre måltid, fortel han. Han er uroa for barna.

Elevar ved Star of Hope-skulen i Ringaud i Port-au-Prince.

Elevar ved Star of Hope-skulen i Rigaud i Port-au-Prince før den vart plyndra.

Foto: Tony Boursiquot / Star of Hope

– Det er katastrofalt akkurat no, og det blir berre verre og verre. Det er veldig trist. Vi lid veldig, og lever i konstant frykt, seier han.

Dagleg leiar i Star of Hope i Noreg, Løsnesløkken, fortel til NRK at kriminelle gjengar er ute etter å kidnappe feltansvarlege deira fordi dei trur at dei kan få mykje løysepengar.

Alvorleg situasjon

På telefon frå Guatemala fortel Johan Hindahl i Kirkens Nødhjelp at 80 prosent av hovudstaden Port-au-Prince og områda rundt hovudstaden er kontrollerte av kriminelle bandar.

– Politiet er ikkje i stand til å verne befolkninga, seier Hindahl som er landsrådsgivar for Haiti i Kirkens Nødhjelp. Han er ofte i Haiti.

Johan Hindahl i Haiti

Johan Hindahl i Kirkens Nødhjelp. Bilete er tatt i Haiti i november 2023.

Foto: Prospery Raymond / Kirkens Nødhjelp

– Banda har både meir våpen og tyngre våpen enn politiet, seier den erfarne hjelpearbeidaren på telefon til NRK.

Jørgen Sørli Yri ved Oslo Met fortel at dei kriminelle gjengane også har fleire medlemmer enn det finst politifolk i Haiti.

Les også FN: Gjengkriminelle på Haiti bruker valdtekt som våpen

Ei jente går langs ein bekk med søppel i Port-au-Prince på Haiti.

– Dette er truleg den mest alvorlege situasjonen for Haiti nokon gong, seier Jørgen Sørlie Yri.

Han kjenner landet godt, har budd i regionen i fleire omgangar og jobbar til dagleg som førsteamanuensis ved Oslo Met.

Haiti-kjenner Jørgen Yri

Haiti-kjennar og førsteamanuensis ved Oslo Met, Jørgen Yri.

Foto: Roy Krøvel / privat

Ikkje berre skular, men også fleire sjukehus er stengde, fortel kontaktane til Yri.

Han fortel at helsearbeidarar ikkje vågar å dra på jobb. I tillegg manglar sjukehusa drivstoff for å halde generatorane som skaffar straum i gang.

Bandeleiar «Barbeque»

Leiaren for den største banden som herjar på Haiti er Jimmy Cherizier med kallenamnet «Barbeque».

Gang leader Jimmy Cherizier in Haiti

Gjengleiar Jimmy «Barbeque» Cherizier.

Foto: CLARENS SIFFROY / AFP

Bandeleiaren truar med å slåst inntil statsministeren i landet Ariel Henry trekker seg.

– Vi vil slåst mot Ariel Henry «inntil siste blodsdrope». Vi vil slåst til han går av, seier gjengleiaren til nyheitsbyrået Associated Press.

Gjengleiaren kledd i kakibukse, svart T-skjorte og skotsikker kaki-vest smiler sjølvsikkert mens han snakkar med nyheitsbyrået på telefon.

Den tidlegare politimannen Jimmy «Barbeque» Cherizier er no han gjengleiar for G9-alliansen. Her er han under ei pressekonferanse 5. mars.

Den tidlegare politimannen Jimmy «Barbeque» Cherizier er no han gjengleiar for G9-alliansen. Her er han under ei pressekonferanse 5. mars.

Foto: Ralph Tedy Erol / Reuters

Han held mobilen i venstre hand, i høgre hand ber han eit kraftig maskingevær.

Kven som helst kan vere ein fiende

– Kven som helst kan vere ein fiende. Det skapar stor usikkerheit. Folk flest prøver å halde seg heime, men mange må på jobb og ut å gjere nødvendige ærend, fortel Jørgen Sørli Yri ved Oslo Met.

Han fortel om ein venn i hovudstaden Port-au-Prince som jobbar der som journalist.

– Han fortel at du må betale for sikkerheit overalt. Det gjeld til dømes på bussen eller viss du beveger deg i bygatene.

Innbyggarar rømmer frå gjengvalden i hovudstaden Port-au-Prince 6. mars.

Innbyggarar rømmer frå gjengvalden i hovudstaden Port-au-Prince 6. mars.

Foto: Ralph Tedy / Reuters

– Køyrer du bil blir du stansa i vegsperringar. Du må betale for å passere. Du risikerer at dei tar bilen din eller at dei kidnappar deg, fortel Yri.

På telefon fortel feltarbeidar Boursiquot at å bli i Port-au-Prince er det same som å underkaste seg gjengane.

– Om du blir må du samarbeide, og då er du ein av dei.

Unntakstilstand

Den haitiske regjeringa innførte unntakstilstand og portforbod nattetid tidlegare denne veka.

– Ein unntakstilstand fungerer berre på papiret. Politiet er ikkje i stand til å halde gatene trygge, seier hjelpearbeidar Johan Hindahl.

Ein soldat sjekkar veska til ein passerande.

Ein soldat sjekkar veska til ein passerande.

Foto: Ralph Tedy Erol / Reuters

Folk som Yri ved Oslo Met har kontakt med på Haiti, seier dei prøver å halde seg heime mest mogleg. Men enkelte må på jobb og ut av heimane av andre grunnar.

Måndag kveld prøvde tungt væpna gjengar å ta kontroll over den internasjonale flyplassen Toussaint Louverture ved hovudstaden Port-au-Prince, skriv NTB.

Flyplassmyndigheitene melde om kraftig skyting. Flyplassen var stengd da angrepa skjedde, og ingen fly var i aktivitet. Det var heller ingen passasjerar til stades.

Kor er statsministeren?

Mange har lurt på kor statsminister Ariel Henry har vore mens gjenga har herja.

Det blei reist tvil rundt kor statsministeren oppheldt seg etter at han først hadde reist til Kenya for å inngå ein avtale om at landet skal leie ein internasjonal styrke til kamp mot dei stadig mektigare gjenga i Haiti.

Haitis statsminister Ariel Henry

Kor er statsminister Ariel Henry?

Foto: SIMON MAINA / AFP

Ein talsperson for det amerikanske utanriksdepartementet seier at dei trur Henry drar heim til Haiti.

– Vi trur det er viktig at han gjer det og at han får lov til å gjere det, seier talspersonen.

Han har no landa i Puerto Rico og vil prøve å komme seg heim.

Samtidig har USA oppfordra statsborgarane sine på Haiti om å forlate landet «så fort som mogleg».

FN anslo tidlegare i år at rundt 300.000 haitiarar har forlate heimane sine for å unngå drap, seksuell vald, bortføringar og plyndringar, og dessutan kampar mellom rivaliserande gjengar.

Verda ser på

Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) opplyser at rundt 15.000 personar i løpet av ein tre dagar lang periode førre veke flykta frå hovudstaden.

Ungdom løper fra et sammenstøt mellom politi og bande i Haiti1 mars.

Folk spring i dekning etter ein samanstøyt mellom politi og ein bande i Port-au-Prince 1. mars.

Foto: RALPH TEDY EROL / Reuters

Mange av dei var allereie flyktningar som var innkvarterte i skulebygningar, på sjukehus og offentlege torg i byen.

Tony Boursiquot i Star of Hope håpar internasjonale styrkar grip inn og hjelper til med situasjonen snarast.

– Regjeringa har inga makt mot dei armerte bandittane, fortel han.

Organisasjonen av amerikanske statar (OAS) har bede om at verdssamfunnet må reagere raskare, i samarbeid med FN.

FN ratifiserte i oktober ein plan om å sende ein internasjonal styrke til Haiti, basert på frivillige bidrag frå FN-medlemmene. Det skjedde eitt år etter at Henry bad om det.

Men nokon dato for utplassering av styrken er ennå ikkje kunngjord. Så langt har fem land sagt dei vil bidra til styrken.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.