Statsminister Ariel Sharon røysta i føremiddag i Sderot, ved ransjen sin i Negev-ørkenen.
Sharon røysta i føremiddag sjølv i Sderot, ved ransjen sin i Negev-ørkenen.
Hovudutfordraren, utanriksminister Benjamin Netanyahu, er venta å røyste seinare i dag i Jerusalem.
Moderat
Statsminister Ariel Sharon er skulda for krigsbrotsverk og bulldosertaktikk, men når Likud no vel ny formann og framtidig statsminister er han den moderate kandidaten.
Dei siste meiningsmålingene er eintydige. Avisa Ha'aretz gjev Sharon eit forsprang på 24 prosent. Israelsk fjernsyn kalkulerer forspranget til 22 prosent, mendan storavisa Yedioth Ahronoth gjev den sitjande statsministeren eit forsprang på 18 prosent.
Sjølv dei eigne målingane til utfordraren Benjamin Netanyahu viser ei Sharon-leiing på 15 prosent, og det kan dermed tyde på at slaget var tapt alt før røystinga tok til.
Berre få røyster er venta til Moshe Feiglin, ein tredje kandidat som representerer den yttarste høgrefløya i partiet.
Desperat Netanyahu
Netanyahu har ikkje spart på krutet i sin kampanje. Gjennom plakatar har han mellom anna minna om at det knapt eksploderte ei sjølvmordsbombe medan han sjølv var statsminister i åra 1996-1999.
Netanyahu har også gått hardt ut mot vedgåinga til Sharon om at ein palestinsk stat vil kome før eller seinare, ei vedgåing han elles kom med etter tungt amerikansk press.
Av samme grunn har Sharon også avslått kravet frå Netanyahu om å deportere Yasser Arafat frå Vestbreidda, sjølv om han for få år sidan sa seg lei for å ikkje ha drepe PLO-formannen den gongen han hadde sjansen i Beirut.
For langt
Men politiske kommentatorar meiner Netanyahu har gått for langt når han hevdar at Sharon er på linje med den nyvalde leiaren i det israelske arbeidarpartiet, Amram Mitzna.
Dei ser kampanjen hans meir som eit desperat forsøk på å samle støtte frå den ytre høgre delen av Likud.