Hopp til innhold

Redningsmannskapa kjempar mot klokka i Miami

Leitinga held fram i ruinane i Surfside i Miami. 159 personar er framleis sakna. – Det er framleis håp, men det svinn, seier politimeister Sally Heyman.

Deler av en leilighetsbygning raste sammen i Miami natt til torsdag.

VIDEO: Her blir ein gut redda ut frå ruinane.

Eitt døgn etter at deler av ei bygning ved Miami Beach kollapsa torsdag, held leitinga etter overlevande fram. 120 personar er redda ut av den samanraste bygninga, men framleis er det 159 personar som det ikkje er gjort greie for.

Minst fire personar er omkomne etter kollapsen.

Leitemannskapa har høyrt banking og andre lydar frå ruinane, men ingen stemmer, melder Reuters.

– Det er framleis håp, men det svinn, seier politimeister Sally Heyman til CNN.

An aerial view showing a partially collapsed building in Surfside near Miami Beach

MANGE SAKNA: 102 personar er redda ut av den samanraste bygninga i Miami, men framleis er det 159 personar som det ikkje er gjort greie for.

Foto: Marco Bello / Reuters
102 personar er redda ut av den samanraste bygninga i Miami, men framleis er det 159 personar som det ikkje er gjort greie for.

Lag på ti til tolv leitearbeidarar går på omgang med hundar og anna utstyr. Dei leitar til dei ikkje orkar meir, før ei ny gruppe tek over. Regn gjer arbeidet også vanskeleg.

– Det skal vere 130 ulike brannmenn og redningdarbeidarar som held på no. Det er utruleg hardt arbeid som held på. Det er varmt og klamt og mange tunge regnskurar som kjem inn gjer arbeidet vanskelegare enn det kunne vore, seier NRKs Ellen Borge Kristoffersen, som oppheld seg på staden.

Floridas guvernør Ron DeSantis er bede om krisehjelp, og president Joe Biden seier føderale styresmakter står klare til å bidra.

Bilder tatt fredag fra luften over bygningskollapsen i Miami viser massive ødeleggelser. Over hundre personer er fortsatt savnet fredag ettermiddag.

Bilete tatt fredag frå lufta over bygningskollapsen i Miami viser massive øydeleggingar.

Pregar lokalsamfunnet

– Det er eit sjokk. Det vil truleg ta nokre veker for meg å koma meg gjennom dette.

Det seier Abedats til NRK, som ynskjer at vi berre nyttar førenamnet hans. Abedats bur sjølv på Miami Beach, og var i området der blokka raste ned for å visa støtte og hjelpa til.

PREGA: Abedats seier at han er svært prega av hendinga.

PREGA: Abedats seier at han er svært prega av hendinga.

Foto: Ellen Borge Kristoffersen / NRK

Han seier at hendinga pregar lokalsamfunnet.

Daniella Rosati bur i nabobygningen. Ho og familien bur sjølve i eit «condo-bygg» og blei difor veldig prega av hendinga. Ho og foreldra var på veg med donasjonar som mat og sanitetsprodukt til pårørandesenteret.

Daniella Rosati

Daniella Rosati på veg med donasjonar til pårørandesenteret.

Foto: Ellen Borge Kristoffersen / NRK

Surfside-ordførar Charles W. Burkett seier at han framleis har eit håp om å finne folk i bygningen.

– Eg er håpefull. Eg håpar vi finn mange folk i live, seier han til NRK.

Surfside-ordførar Charles Burkett.

ORDFØRAR: Surfside-ordførar Charles Burkett.

Foto: Ellen Borgen Kristoffersen / NRK

Han seier at dei har mange teoriar om korleis dette kunne skje.

– Men i USA fell ikkje bygningar ned. Bygningar fell ned u-land. Bygningar fell ned når det er jordskjelv. Så vi må eksakt finna ut kva som skjedde med denne bygningen. Det kjem ikkje til å vera i dag og det kjem ikkje til å vera i morgon, seier han og legg til at det viktigaste no er å få folk ut av bygningen.

Familien til førstedame sakna

Ein av dei som er sakna er legen Brad Choen som skal ha vore i ellevte etasje saman med broren då bygget raste. Kona hans Soriya har framleis eit håp om at han er i live, sjølv om håpet blir mindre for kvar time som går.

Redingsarbeidere søker gjennom ruinene i kollapset bygning i Miami

KAMP MOT KLOKKA: Leitinga etter overlevande held fram i Miami. Men vanskelege forhold gjer arbeidet tungt.

Foto: CHANDAN KHANNA / AFP

– Vi har ikkje funne han. Han har ikkje svart på fleire timar. Kanskje er han i live. Eg veit ikkje, seier ho til Miami Herald.

Det kjem stadig nye rapportar om kven som er blant dei sakna. Pårørande legg ut namn og bilde på nett, skriv WPLG.

Pårørende samler seg ved et delvis sammenrast hus i Miami.

Overlevande og pårørande samlar seg ved den delvis samanraste bygningen, i håp at redningsmannskapa skal finne fleire i ruinane.

Foto: MARCO BELLO / Reuters

Blant dei sakna er søstera og svogeren til Paraguays førstedame, Silvana Lopez Moreira, og dei tre barna deira, melder CNN. Styresmaktene i fleire latinamerikanske land har stadfesta at dei har statsborgarar som er sakna, ifølge nyheitskanalen.

Mor og bestemor sakna

Mora og bestemora til Pablo Rodriguez er blant dei sakna etter kollapsen. Mora hans vakna natta før fordi ho høyrde knaking i bygget, fortel han til CNN.

– Eg tenkte ikkje så mykje på det då ho fortalde det, og at ho berre hadde sove dårleg. I ettertid har det fått meg til å tenke.

Han seier dei ikkje har høyrt noko nytt om dei to kvinnene, og at håpet om å finne dei i live er lite.

– Det er alltid eit håp til du veit noko sikkert. Men etter å ha sett videoen av kollapsen, er det vanskeleg å tru at dei har overlevd. Dei var i den delen som kollapsa heilt, seier han.

Redningsmannskap undersøker balkong etter bygningskollaps i Miami

Redningsmannskap undersøker ein av balkongane på det samanraste bygget i Miami.

Foto: Gerald Herbert / AP

Ein av dei som overlevde, var Barry Cohen, som er tidlegare varaordførar i Surfside. Han budde i tredje etasje.

Han og kona blei vekt av bråket, og skunda seg ut då dei forstod kva som var i ferd med å skje. Han fortel til avisa Miami Herald at det var vanskeleg å finne fram i kaoset. Dei gjekk difor tilbake til leilegheita si, og ringde etter hjelp frå balkongen.

Dei blei etter kvart redda ned saman med to naboar.

– Eg var redd for at heile bygget skulle rase, seier han.

Leitar framleis etter årsaka

Det er uvisst kva som er grunnen til at bygget kollapsa torsdag. Opptak frå overvakingskamera viser at kollapsen kan likne på ei kontrollert riving, men utan sprengstoff.

Ingeniøren John Pistorino har arbeidd som byggrådgjevar i Miami i 50 år, og har vore med å utarbeide reglar for sertifisering av bygg i byen og andre tryggingsreglar.

Han seier til slike kollapsar ikkje skal skje.

– Det er så uvanleg at det er vanskeleg å samanlikne det med noko anna enn ei bygning som blir bomba i ein krig, seier han til Miami Herald.

Bygg i Miami får sertifisering for 40 år av gangen. Bygget som raste var i ferd med å få fornya sertifiseringa, skriv avisa.

Oversiktsbilde over det delvis kollapsa bygget i Miami

Eit oversiktsbilde viser øydeleggingane i den delvis samanraste bygget.

Foto: MARCO BELLO / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt