Hopp til innhold

Lege: Ingen grunn til at Trump bør korona-testast

USAs president Donald Trump blir ikkje testa for koronasmitte, trass i at han har vore i kontakt med personar som sidan har fått påvist smitten.

Instagrambilde av Bolsanoro, Pence, Trump og Wajngarten

Bildet viser president Trump og visepresident Mike Pence saman med den første gjesten som seinare testa positivt, Fabio Wajngarten (til høgre).

Foto: Privat / Instagram

Det kvite hus har offentleggjort eit brev frå legen til presidenten, Dr. Sean P. Conley, som peikar på at Trump sin interaksjon med dei smitta personane berre innebar ein liten risiko for smitteoverføring.

– Presidentens eksponering overfor den første personen var ekstremt avgrensa (foto og handtrykk), og sjølv om han brukte meir tid i nærleiken av den andre personen, var all kontakt før nokon symptom viste seg, skriv legen.

I brevet legg han til at det ikkje er nokon som indikerer at karantene er nødvendig. Gitt at Trump ikkje har symptom, er det derfor ikkje nødvendig med ein covid-19-test, påpeikar legen.

Sist helg møtte Trump Brasils president Jair Bolsonaro og kommunikasjonssjefen hans Fabio Wajngarten. Få dagar seinare vart det opplyst at Wajngarten var smitta av viruset. Natt til laurdag kom meldinga om at også diplomaten Nestor Forster, om også deltok på middagen, var smitta.

Heller ikkje visepresident Mike Pence skal testast, skriv New York Times.

SISTE NYTT

Siste nytt