Hopp til innhold

Kom heim til England etter fleire år i iransk fengsel

To britisk-iranarar som har sete fengsla i årevis i Iran, er heime igjen etter at Storbritannia betalte ei gjeld på 4,6 milliardar norske kroner.

Nazanin Zaghari-Ratcliffe og Anoosheh Ashoori som har landa i England.

Nazanin Zaghari-Ratcliffe og Anoosheh Ashoori etter at dei landa i England.

Foto: Leon Neal / AP

Det blei ei emosjonell gjenforeining då Nazanin Zaghari-Ratcliffe endeleg fekk treffe si sju år gamle dotter igjen, Gabriella.

Iført ein blå kjole og gult skjerf, fargane til det ukrainske flagget, landa ho i Oxfordshire i England like etter klokka 1 natt til torsdag. Det var første gong ho var på britisk jord på seks år.

Saman med ho på flyet var også Anoosheh Ashoori.

Dei to vart lauslatne etter at Storbritannia betalte ei gjeld på 400 millionar pund, tilsvarande 4,6 milliardar kroner, til Iran for stridsvogner som aldri vart leverte.

Skulda for spionasje

Nazanin Zaghari-Ratcliffe jobba for Thomson Reuters Foundation. Tidlegare har ho jobba for BBC, og dreiv mellom anna med opplæring av iranske journalistar.

Nazanin Zaghari-Ratcliffe og Anoosheh Ashoori

Nazanin Zaghari-Ratcliffe og Anoosheh Ashoori på veg ut av flyet etter at dei vart set fri.

Foto: Leon Neal / AP

Ho vart arrestert på flyplassen i Teheran i april 2016 då ho var på veg tilbake til England. Dottera hennar var også der, og dei hadde besøkt familie i Iran.

Iranske styresmakter meinte ho lærte iranske journalistar å spreie propaganda om landet.

Zaghari-Ratcliffe vart dømd for planar om å velte den iranske regjeringa, noko ho avviser. Ho sat over fem år i fengsel før ho vart lauslaten og sett i husarrest i sin eigen heim i Teheran.

I fjor vart ho dømd til endå eitt år i fengsel for å ha delteke i ein demonstrasjon ved den iranske ambassaden i London tilbake i 2009.

Dottera til Anoosheh skriv "lykke i eit bilde" på Twitter.

Dottera til Ashoori la dette bildet ut på Twitter: «Lykke i eit bilde».

Foto: Skjermdump frå Twitter, tatt 17.03.2022.

Den andre som vart lauslaten, er den pensjonerte ingeniøren Anoosheh Ashoori. Han vart i 2017 dømd til 10 års fengsel for å ha spionert for Israel, ei skulding han har avvist tvert.

Kjempa for kona i 6 år

Ektemannen til Zaghari-Ratcliffe, Richard Ratcliffe, har jobba utan kvile for at ho skulle bli lauslaten, mellom anna ved å leggje press på britiske styresmakter.

Richard Ratcliffe og datteren Gabriella,

Richard Ratcliffe og dottera Gabriella (7) har venta i seks år på å få kona og mora heim til London.

Foto: James Manning / AP

Richard Ratcliffe seier det er ein «enorm lette» at kona omsider fekk forlate Iran.

– Eg trur det kjem til å vere byrjinga på eit nytt, normalt liv, og forhåpentleg ein lykkeleg familie, sa han onsdag.

Tida i fengsel har vore svært tøff for Zaghari-Ratcliffe, med opphald i isolat og celler utan vindauge, sveltestreik og dårleg medisinsk behandling.

Ektemannen har tidlegare fortalt at ho sov i kleda sine i ein månad og på det verste vurderte å ta sitt eige liv.

Både Zaghari-Ratcliffe og Ashoori var i Evin fengsel, eit fengsel som Amnesty har skulda for å torturere og mishandle fangar. Fengselet har vore den primære staden der politiske fangar har blitt tatt til fange i Iran.

 Nazanin Zaghari-Ratcliffe og Anoosheh Ashoori,

Nazanin Zaghari-Ratcliffe og Anoosheh Ashoori var i natt attande på britisk jord etter mange år i iranske fengsel.

Foto: Leon Neal / AP

Britisk gjeld til Iran

Familiane både til Zaghari-Ratcliffe og Ashoori har vore overtydde om at dei to vart haldne som gislar inntil Storbritannia betalte tilbake ei gjeld på 400 millionar pund for stridsvogner.

Pengesummen gjeld stridsvogner som Iran hadde betalt for, men som ikkje vart levert då shah-regimet vart styrta i den islamske revolusjonen i Iran på 1970-talet.

Den engelskspråklege iranske TV-kanalen Press TV melde onsdag at Storbritannia hadde betalt gjelda til Iran for stridsvognene. Tidlegare har nyheitsbyrået Fars skrive at den britisk-iranske kvinna kunne bli fri dersom Storbritannia betalte gjelda.

Liz Truss seier det er flott å sjå igjen dei to iransk-britiske borgarane.

Den britiske utanriksminister Liz Truss seier et var flott å sjå Nazanin og Anoosheh igjen i god ånd.

Foto: Skjermdump frå Twitter, tatt 17.03.2022

Utanriksminister Liz Truss sa onsdag til BBC at ho ville prioritere å betale gjelda til Iran. Men ho passa godt på å seie at det ikkje er nokon samanheng mellom dei to tinga.

Storbritannia har alltid unngått å kople arrestasjonen av dei to og andre i iranske fengsel med gjelda.

Som del av same avtale har Morad Tahbaz, ein tredje arrestert som er både britisk, iransk og amerikansk statsborgar, blitt sleppt ut på permisjon.

SISTE NYTT

Siste nytt