Kvinne drepen i opptøyar i Nord-Irland

Ei 29 år gammal kvinne, som var på jobb som journalist, er drepen i opptøyar der fleire skot blei fyrt av i Derry i Nord-Irland seint torsdag. Politiet meiner Nye IRA står bak angrepet.

Bensinbomber blir kasta mot politiet i Creggan i Nord-Irland.

Rundt midnatt blei politibilar angripne med brannbombar i Creggan-området i den nord-irske byen.

Fleire skot skal ha blitt fyrt av i det som blir skildra som opptøyar, ifølge BBC. Bilde viser maskerte menn som kastar gjenstandar på politiet.

– Vi kan dessverre stadfeste at ei 29 år gammal kvinne er drepen som følgje av skot som blei fyrt av i Creggan. Vi ser på dette som ei terrorhending og har sett i gang drapsetterforsking, skriv politiinspektør Mark Hamilton på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Den drepne kvinna var journalisten Lyra McKee, skriv BBC. Ho har skrive for fleire publikasjonar, og har blant anna dekka Nord-Irland-konflikten.

Ho og blei først skadd då ein person fyrte av ein rekke skot. Ho døydde seinare av skadane på sjukehus. Kort tid før ho blei skoten tvitra ho frå opptøyane. Posten blei formidla vidare av journalistkollegaen Naomi O'Leary etter at det blei kjent at McKee var død.

Laster Twitter-innhold

Skaut mot politiet

På ein pressekonferanse etter hendinga sa Hamilton at politiet meiner Nye IRA, som er ei utbrytargruppe frå Den irske republikanske hær (IRA) står bak hendinga.

– Vi meiner Nye IRA står bak dette. Det er hovudsporet i etterforskinga vår, sa Hamilton på pressekonferansen.

Han meiner uroa i byen var organisert for å skape vald og angripe politiet.

– Å ta med våpen er ei kalkulert og grufull handling, seier han.

BBC-reporter Leona O'Neill var på staden, og ho seier ho såg ein væpna person som skaut mot politibilar.

– Det var fleire familiar som gjekk ut i gatene for å sjå kva som hende. Eg såg fleire unge, der var barn og tenåringar i gatene medan ein person med våpen skaut vilkårleg rundt seg.

Bil brenner i Derry

Ein bil er sett i brann under opptøyane i Nord-Irland torsdag kveld.

Foto: Niall Carson / AP

Det er førebels ikkje kjent kva motivet bak angrepet er, men hendinga skjer berre få dagar før irske republikanarar er venta å halde ei ulovleg demonstrasjon måndag.

Det er ikkje stadfesta frå offisielt hold at irske republikanarar står bak angrepet.

Det er også komme meldingar om at opptøyane blei løyst ut som følgje av politirazziaer mot fleire private heimar i Mulroy Park og Galliagh-området.

Fordømmer angrepet

Angrepet blir fordømt av politikarar på Dei britiske øyene. Storbritannias statsminister Theresa May kallar ifølgje The Guardian drapet på journalisten for sjokkerande og meiningslaust.

– Ho var ein journalist som døydde medan ho gjorde jobben sin med stort mot.

Mays irske kollega, Leo Varadkar fordømmer drapet.

– Vi kan ikkje la dei som ønsker å spre vald, frykt og hat dra oss tilbake til fortida.

Derrys viseborgarmeister Gary Middleton i det nord-irske unionistpartiet DUP fordømmer hendinga.

– Motbydelege valdshendingar i Creggan i natt. Terroristane som er ansvarlege, må fjernast frå våre gater, skriv han på Twitter.

Visepresidenten i Sinn Féin, Michelle O'Neill, er også blant dei som fordømmer angrepet.

– Mine tankar går til familien til den unge kvinna som blei skoten og drepen av såkalla dissidentar. Dette var eit angrep på samfunnet, eit angrep på fredsprosessen og eit angrep på langfredagsavtalen.

Laster Twitter-innhold

Også i fjor var det liknande opptøyar i Derry, da rundt 70 brannbomber blei kastet mot politiet.

Derry har historisk vore et midtpunkt for den blodige konflikten i Nord-Irland som starta i 1969, også kjent som The Troubles.

Konflikten utspilte seg mellom katolske republikanarar som ønsker at Nord-Irland skulle bli del av et foreint Irland, og protestantiske «lojalistar» som ville behalde tilhøyrsla til Storbritannia.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt