Hopp til innhold

Dette er ikkje starten på ein tredje verdskrig

Ekspertane NRK har snakka med fryktar ikkje ei krigseskalering frå Nato si side, sjølv om ein rakett har slått ned i eit medlemsland.

Raketter slo ned i Polen

TRULEG FRÅ UKRAINA: USA, Nato, Belgia og Polen peikar på ukrainsk militær etter missilnedslaget i nabolandet.

Heilt sidan Russland invaderte Ukraina i februar, har folk i Polen vore redde for at krigshandlingane skulle spille over grensene til dei.

No har det skjedd. Eit missil trefte tysdag eit kornlager i Przewodow nær den ukrainske grensa og drap to personar.

USA, Nato, Belgia og Polen meiner alle at missilet truleg blei sendt av det ukrainske forsvaret og landa i Polen ved eit uhell.

Likevel var Nato-sjef Jens Stoltenberg tydeleg om skuldspørsmålet, då han snakka på ein pressekonferanse onsdag ettermiddag.

Denne verifiserte videoen syner røyk frå missilet som trefte ein landsby i Polen.

– Dette er ikkje Ukraina sin feil. Russland det ultimate ansvaret som held fram med den ulovlege krigen mot Ukraina.

– Ei etterforsking av denne hendinga går føre seg, og vi må vente på resultatet, men vi har ingen indikasjon på at dette var resultatet av eit bevisst angrep. Vi har heller ingen indikasjon på at Russland førebur militære offensivar mot Nato.

Ukraina nektar sjølve for at det var dei som stod bak missilet som kryssa grensa. Det er framleis mange opne spørsmål rundt eksplosjonen, og mange land som vil ha svar.

Trur Russland vil unngå ein europeisk storkrig

Med tanke på dei store konsekvensane av ei eventuell eskalering, skulle ein tru at ukrainarane ville vedgå at missilet var eit uhell frå deira side.

Det seier Bjørn Olav Knutsen, som er sjefforskar ved Forsvaret sitt forskingsinstitutt.

Sjefsforsker Bjørn Olav Knutsen

Sjefforskar Bjørn Olav Knutsen ved Forsvaret sitt forskingsinstitutt.

Foto: FFI

– Då hadde det vore mykje betre å seie at beklagar, det der var ein missil som gjekk i feil retning, og at hensikta var å skyte ned eit russisk missil. Det kunne man sjølvsagt sagt.

– Det er litt sånn krigståke her, altså. Det er ikkje alltid ein har full oversikt over verknadane av sin eigen bruk av våpen, for å seie det sånn.

Knutsen seier at situasjonen hadde vore ein heilt annan, dersom missilet kom frå Russland og blei skoten mot Polen med vilje.

I så tilfelle kunne det vore aktuelt for Nato å involvere seg direkte.

– Då snakkar vi krig og artikkel 5. Då er det ein europeisk storkrig vi i så fall står overfor. Det er per no lite sannsynleg.

Då styresmaktene i Polen kalla inn til hastemøte tysdag kveld, nemnde dei ikkje eingong artikkel 5 i Nato si Atlanterhavspakt, som slår fast prinsippet om felles forsvar.

Likevel aukar medlemslanda forsvarsbudsjetta sine som følge av situasjonen. Dette meiner Knutsen er viktig i seg sjølv.

– Det er å førebu seg på ein mogleg artikkel 5-situasjon, sjølv om det sjølvsagt er lite sannsynleg slik eg ser det i dag.

Høg terskel for å blande seg inn

Dersom tysdagens hendingar har gjort deg bekymra for at krigen i Europa kjem til å eskalere, kan du altså framleis gå med låge skuldrer.

Det seier også førsteamanuensis ved Institutt for forsvarsstudium, Johannes Gullestad Rø.

Johannes Gullestad Rø

Gullestad Rø forskar på Nato og tryggleiken i Europa.

Foto: Forsvaret.no

– Det er ingen som leitar etter ei anledning til å eskalere situasjonen. Tvert imot så gjer ein alt ein kan for at dette blir ein konflikt der Ukraina og Russland er partane.

– Det vanskelege der er jo sjølvsagt at nokre av dei grepa ein gjer for å skremme Russland ifrå å gjere noko, er jo blant anna å plassere meir styrkar, meir luftvern, høgare beredskap i lufta og til sjøs.

Dette er likevel viktig for å setje ei klar grense, legg han til. Missilnedslaget i Polen er noko som Nato har frykta sidan starten av krigen.

– Hendinga i går seier noko om at feil også kan føre til tap av liv i Nato-land.

– Dersom dette fører til noko, så fortel det jo noko om kor nærme denne konflikten går føre seg, at den er ved stuedøra vår.

Naboland vil styrke luftforsvaret sitt

Medlemslanda i Nato skulle diskutere ein førespurnad om å styrke luftforsvaret til Nato langs den austlege grensa som skil landa i krig og medlemslanda i Nato.

Det sa statsministeren i Slovakia, Eduard Heger, før møtet ifølge Reuters.

– Det er naturleg at ein førespurnad om å styrke luftrommet til nabolanda kjem på bordet.

Ved kornlageret i Polen der ei missil slo ned 15. november.

Missilet gjorde stor skade på eit kornlager nær den ukrainske grensa i Polen.

På ein pressekonferanse sa også forsvarsministeren i landet, Jaroslav Nad, at dei kom til å spørje om hjelp frå sine allierte partnarar.

– Ja, vi kjem til å spørje om ytterlegare system som vil verne om tryggleiken til slovakiske borgarar endå meir.

– Eg utelukkar ikkje at ytterlegare strategiske luftforsvar-system vil bli sende til aust-Slovakia, sa han vidare til byrået, men la til at ingen konkrete avtalar var på plass.

Slovakia sin reaksjon er naturleg, seier Knutsen.

– Ein har sett at ein styrkar luftforsvaret langsmed grensa, men ikkje ein meter over grensa, fordi at Nato ikkje vil bli involvert i krigen.

Kritisk til at ein rapporterte skuldingane mot Russland

Etter at missilet slo ned i Przewodow tysdag, hevda blant anna polske styresmakter at det sannsynlegvis var Russisk militær som stod bak.

Dette var fordi missilet var produsert i Russland. Russisk militær angreip også ukrainske mål med 100 missil same dag, seier Nato.

Russisk rakett slo ned i Polen.

Ein bit av raketten som slo ned i Polen.

Det at desse påstandane blei rapportert så breitt før ein hadde fakta på bordet er veldig alvorleg, seier professor ved Senter for fredsstudium i Tromsø, Gunhild Hoogensen Gjørv.

– Vi hadde ikkje all informasjon til å byrje med, men vi såg det allereie rapportert i går kveld. Det var ei amerikansk etterretningskjelde som «visste» at det handla om russiske rakettar.

Gunhild Hoogensen Gjørv

Hoogensen Gjørv er professor ved Senter for fredsstudium i Tromsø.

Foto: UiT

– Det i seg sjølv, berre å nemne det, hissar fram alle moglege teoriar om akkurat kva som har skjedd. «Russiske rakettar? Å nei, det må kome frå Russland. Kva betyr det? Kan det utløyse artikkel 5?»

Eit døgn seinare kunne Nato-sjefen seie at det sannsynlegvis ikkje var Russland som fyrte av raketten. Situasjonen er dermed heilt annleis, og artikkel 5 ligg ikkje på bordet.

Framleis må ein finne ut kva som eigentleg har skjedd. Slik gransking tek tid, seier Hoogensen Gjørv.

– Det er veldig viktig at Nato no har kome ut med det som har blitt funne ut så langt, at det ikkje er Russland, det kan vere ukrainarane.

– Dei er så saklege som mogleg for å vise at det, i alle fall frå Nato si side, ikkje er ein automatisk reaksjon å skulde på Russland. Det er eit nyansert bilete som blir presentert.

SISTE NYTT

Siste nytt