Kirurgane som behandla pasienten, som hadde kreft i bukspyttkjertelen, brukte ein elektrisk skalpell under operasjonen, sjølv om kvinna hadde vorte behandla med eit alkoholhaldig desinfeksjonsmiddel.
Då skalpellen kom i kontakt med det alkoholhaldige middelet, «antente kvinna som ein fakkel». Det førte til forbrenningar på rundt 40 prosent av kroppen hennar, skriv den rumenske parlamentsmedlemmen Emanuel Ungureanu på Facebook-sida si.
Ein sjukepleiar kasta deretter vatn på den 66 år gamle pasienten for å hindre brannen frå å spreie seg.
LEVERTE KLAGE: Emanuel Ungureanu har tatt opp pasientskaden med den rumenske riksadvokaten.
Foto: Facebook/privatSaka har fått stor merksemd i Romania, og helsedepartementet i landet har sagt at dei skal undersøke hendinga nærare.
– Kirurgane skal ha vore klar over at det er forbode å bruke eit alkoholbasert desinfeksjonsmiddel under kirurgiske inngrep utført med ein elektrisk skalpell, seier viseminister Horatiu Moldovan.