NRK Meny
Normal

Kraftige samanstøytar ved parlamentet i Cape Town

Susanne Hoggen Kippersund og fleire norske medstudentar deltok i demonstrasjonen utanfor parlamentet i Cape Town i dag. Ho skuldar politiet for unødvendig bruk av makt mot demonstrantane.

Studenter mot politi i Sør-Afrika

VIDEO: Studentar prøvde å storme parlamentet i Cape Town.

Sørafrikansk politi brukte tåregass og sjokkgranatar for å stanse fleire hundre demonstrantar som dei seier prøvde å storme nasjonalforsamlinga i Cape Town under framlegginga av statsbudsjettet for 2016.

Susanne Hoggen Kippersund i Cape Town.

Den norske studenten Susanne Hoggen Kippersund deltok i demonstrasjonen utanfor parlamentet i Cape Town i dag.

Foto: Rita Haugeland

Demonstrantane hadde ifølgje styresmaktene som mål å hindre finansminister Mhlanhla Nene i å leggje fram eit budsjett, der eitt av punkta er ei heving av studieavgifta med opptil 11 prosent. Studentane kravde å få møte undervisningsminister Blade Nzimande.

Auke i studieavgifta

Susanne Hoggen Kippersund fortel til NRK at ho og dei norske studievenninnene deltok i demonstrasjonen utanfor parlamentet saman med fleire tusen medstudentar. Dei protesterte mot at regjeringa i statsbudsjettet for 2016 foreslår ein kraftig auke i studieavgifta.

Ho stod eit stykke bak i demonstrasjonstoget, då ho registrerte at porten inn til parlamentsområdet vart opna. Ho veit ikkje om det var studentar som opna porten, eller om det var andre. I alle fall strøymde demonstrantane inn på plassen framfor parlamentet, og dei fleste sette seg ned på bakken der, fortel studenten frå Volda i Møre og Romsdal.

Norsk student hjelper demonstrant i Cape Town

Den norske studenten Anna Dybwad Alstad hjelper ein demonstrant som har fått peparspray i auget.

Foto: Susanne Hoggen Kippersund

Sjokkgranatar og tåregass

Demonstrasjon i Cape Town.

Engasjementet var stort under demonstrasjonen i Cape Town i dag.

Foto: Rita Haugeland

– Etter ei stund brukte politiet sjokkgranatar, og masse rosa røyk la seg over plassen. Det oppstod panikk, vi vart redde og trekte oss unna. Vi stansa og hjelpte ein av demonstrantane som hadde fått peparspray i auget, fortel ho. Etter kvart fann dei det tryggast å kome seg heim.

Hoggen Kippersund seier at det har vore demonstrasjonar ved Cape Town-universitetet sidan måndag, og at det ikkje berre er studieavgifta studentane protesterer mot. Det er også mot outsourcing av ikkje akademiske-jobbar ved universitetet. Det betyr at tilsette ved universitetet blir overførte til private selskap utanfrå, og dette meiner dei fører til at menneske som frå før hadde dårleg betalte jobbar får endå lågare lønn.

Susanne Hoggen Kippersund fortel at regjeringa no har gått med på å cirka halvere den føreslådde auken i studentavgifta frå 11 til 6 prosent, men ho trur ikkje dette er nok til å få slutt på protestane.

Demonstrasjon i Cape Town.

Det gjekk til tider hardt føre seg under demonstrasjonen i Cape Town i dag.

Foto: Ap

– Det er vanskeleg å sjå at dette er nok. Studentane kjem ikkje til å godta det, seier Volda-jenta, som studerer historie og sosiologi i Cape Town.

Dramatikk inne i parlamentet

Det var ikkje berre utanfor parlamentet det var uro i dag, også inne var det dramatiske scener. Medlemer av opposisjonspartiet EFF (Economic Freedom Fighters) prøvde å få regjeringa til å utsetje framlegginga av statsbudsjettet på grunn av motstanden mot at studieavgifta skulle aukast.

Fleire parlamentarikarar vart fjerna av tryggingsvakter, og finansministeren kom i gang med talen sin 45 minutt forseinka.

Demonstrasjon i Cape Town.

Det har dei siste dagane vore kraftige samanstøytar i Cape Town og andre byar i Sør-Afrika. Årsaka er at regjeringa vil innføre ei kraftig auke i studieavgifta.

Foto: RODGER BOSCH / Afp
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt