Hopp til innhold

Kraftige eksplosjonar i Kabul

Det vart ved midnatt lokal tid meldt om fleire kraftige eksplosjonar i den afghanske hovudstaden Kabul.

Hillary Clinton og Hamid Karzai i Kabul.

Hillary Clinton og Hamid Karzai under eit møte måndag.

Foto: PAUL J. RICHARDS / Ap

Dette skjer medan fleire internasjonale toppolitikarar, som Hillary Clinton og Jonas Gahr Støre, deltek på ein konferanse i byen.

FN veit førebels ikkje kva som har skjedd, og heller ikkje det afghanske politiet veit kva som som forårsaka eksplosjonane.

Det er stadig vekk sjølvmordsaksjonar i Kabul, men det er uklart om det er dette som har skjedd. Vakthaldet rundt konferansen er svært strengt,

Eksplosjonane skal ha skjedd ikkje langt frå det avstengde konferanseområdet, men det er ikkje noko som tyder på at dette området er ramma.

Konferansen starta i dag og skal halde fram i morgon.

LES OGSÅ: - ISAF ut av Afghanistan innen 2014

LES OGSÅ: Støre på besøk i Afghanistan

LES OGSÅ: Tre drept i selvmordsangrep i Kabul

LES OGSÅ: – Norge svikter de sivile i Afghanistan

SISTE NYTT

Siste nytt