Fleire hundre menneske flykta frå høghusa i business-området i sentrum av den kenyanske hovudstaden Nairobi. Fleire av høghusa svaia under skjelvet, fortel augevitne.
Skjelvet har senteret sitt i området ved Tanganyika-sjøen i grenseområdet mellom Kongo og Tanzania, men kunne merkast i seks ulike land.
Det blir meldt at skjelvet kunne merkast i hovudstaden Kigali i Rwanda og i hovudstaden Bujumbura i Burundi, samt også i den etiopiske hovudstaden Adis Abeba. Det er det kraftigaste skjelvet i dette området på 10 år.
Omkomne
Det har kome meldingar om øydelagde hus i den østlige byen Kalemie og der skal det også vere omkomne.
Eit skjelv med denne styrken kan gjere omfattande skade om det har senteret sitt i tettbygde område.
- Eit skjelv som dette kan lett gjere stor skade, men eg veit ikkje kva intrastruktur dei har i området. Det er mogleg der ikkje er så mykje å øydeleggje, seier dr. Andrzej Kijko, sjef for seismologiavdelinga ved det sørafrikanske senteret for geovitskap.