Konsert avlyst i Rotterdam etter terrortips

Ein rockekonsert i Rotterdam i Nederland blei avlyst onsdag kveld, etter at politiet i byen fekk tips frå spansk politi om eit mogleg terroråtak.

Maassilo, Rotterdam

Politiet i Rotterdam avlyste ein konsert i byen etter tips frå spansk politi om eit mogleg terroråtak.

Foto: ARIE KIEVIT / AFP

Ein bil med gassflasker blei funne nær eit konsertlokale i den nederlandske Rotterdam i kveld. Det opplyser ordføraren i byen, Ahmed Aboutaleb. Bilføraren er pågripen og blir avhøyrt, og konsertlokalet er evakuert.

Konsertarrangøren skriv dette om avlysinga på heimesidene sine:

– Etter ordre frå politiet må vi avlyse konserten med Allah-Las i Maassilo i kveld. Det er ingen vits i å kome til Maassilo. Vi er lei for det som har skjedd, meir informasjon følger asap.

Tips frå Spania

NETHERLANDS-CONCERT-TERROR-POLICE

Ordførar i Rotterdam, Ahmed Aboutaleb, orienterte onsdag kveld pressa om avverginga av eit mogleg terroråtak i byen.

Foto: ARIE KIEVIT / AFP

Politiet i byen seier konserten med det amerikanske rockegruppa Allah-Las blei avlyst onsdag kveld på grunn av mogleg terror. Tipset kom frå spansk politi. Varebilen med gassflasker var også spanskregistrert, og føraren av bilen var også spansk.

Offesielle kilder i det spanske antiterrorpolitiet bekrefter at hendelsen ikke er knyttet til angrepene i Catalonia sist uke.

Nederlandske styresmakter seier dei held trusselnivået uendra på «reell», der de har vore i fleire år.

Ønska eit «heilagt» bandnamn

Netherlands Concert Cancelled Miles Michaud

Vokalist i Allah-Las, Miles Michaud, fortalde den britiske avisa The Guardian at dei har fått negative tilbakemeldingar frå muslimar fordi dei har brukt Allah i bandnamnet.

Foto: Dario Lopez-Mills / AP

I eit intervju med den britiske avisa The Guardian i fjor, fortalde Allah-Las bandnamnet er inspirert av namnet til rockegruppa Jesus and the Mary Chain. Dei valde å bruke Allah i namnet gi gruppa eit guddommeleg preg. Men dei seier at dei ikkje forstod at det kunne vere krenkande på muslimar.

Vokalist Miles Michaud fortalde avisa at dei hadde fått e-postar frå muslimar frå heile verda som sa dei ikkje likte namnet. Bandet forsøker å svare alle, og forklare at dei ikkje ønsker å fornærme nokon.

California-bandet skal tidlegare ha avlyst ein konsert i Tyrkia på grunn av reaksjonar på namnet, skriv The Independent.

Allah-Las har så langt ikkje kommentert avlysinga.

Bandet speler psykedelisk 60-talsrock, og har blitt samanlikna med band som The Doors, The Zombies og Beach Boys. Bandet spelte på festivalen Piknik i Parken i Oslo i juni i fjor.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt