Hopp til innhold

Kongresskomité vil straffe Trumps sjefstrateg

Komiteen som granskar kongresstorminga i USA har vedteke at Steve Bannon bør bli tiltalt for å ha vist forakt for Kongressen ved å nekte å vitne.

Steve Bannon

HAR NEKTA: Den tidlegare sjefstrategen til Donald Trump, Steve Bannon, har nekta å vitne for kongresskomiteen som granskar storminga av nasjonalforsamlinga i januar.

Foto: J. Scott Applewhite / AP

Avgjerda i komiteen, som er sett saman av både republikanarar og demokratar, var samrøystes. Bannon vart instruert av sin tidlegare sjef, Donald Trump, om å ikkje vitne for komiteen.

Trump har òg gått til søksmål for å hindre komiteen å få tilgang til dokument frå tida hans i Det kvite huset.

Saka mot Bannon blir no oversend til Kongressen, som skal vurdere saka torsdag. Dersom Kongressen sluttar seg til komiteen, blir saka oversend til justisdepartementet, som då vil avgjere om det blir straffesak mot Bannon.

«Villig til å bli martyr»

Bennie Thompson

VIKTIG SAK: Komiteleiar Bennie Thompson meiner at Steve Bannon er «villig til å bli ein martyr» for tidlegare president Donald Trump.

Foto: J. Scott Applewhite / AP

Leiaren av komiteen, demokraten Bennie Thompson, seier det er viktig å statuere eit døme overfor andre vitne som kvir seg for å stille. Han seier Bannon er villig til å bli ein martyr for Trump.

SISTE NYTT

Siste nytt