Hopp til innhold

Kloakken stengd i engelsk badeby: – Ikkje mat feittmonsteret

Eit 64 meter langt fjell av størkna feitt, oljeprodukt og våtserviettar stengjer for kloakken i den sørengelske badebyen Sidmouth. Ikkje mat feittmonsteret, er oppmodinga frå styresmaktene.

Feittfjell i Sidmouth.

Feittfjellet i kloakken i Sidmouth er 64 meter langt.

Foto: Social Media / Reuters

Ansvarleg for avløp i South West Water, Andrew Roantree, seier at feittfjellet er ei direkte følgje av at mange ikkje tenkjer over kva dei let gå i avløpet, enten via vasken eller toalettet.

– Dette er det største vi har oppdaga i selskapet si historie. Det vil ta kloakkarbeidarane våre åtte veker å bli kvitt monsteret. Og arbeidsforholda kjem til å bli ekstremt vanskelege, seier han til Sixty-four-metre 'fatberg' discovered in English seaside resort | Environment | The Guardian .

– Ver forsiktige

Han er glad for at dei oppdaga feittfjellet på eit såpass tidleg tidspunkt, slik at dei rekk å rydde opp før badesesongen startar. Han ber innbyggjarane innstendig om å vere varsame med kva dei kvittar seg med gjennom avløpet.

Feittfjell i Sidmouth,

Ein arbeidar inspiserer delar av feittfjellet som er oppdaga i kloakken i den engelske badebyen Sidmouth i Devon.

Foto: South West Water / AP

– Om du skal halde berre eitt nyttårsløfte i 2019, så la det vere at du ikkje skal kaste feitt, oljeprodukt eller våtserviettar ned i avløpet. Sett røyrsystemet på slankekur og ikkje mat feittmonsteret, er oppmodinga frå Roantree til innbyggjarane i området.

Han fortel at feittfjellet legg på seg som ein snøball. Våtserviettar, oljeprodukt og feitt blir sausa saman til ei hard masse som er vanskeleg å hanskast med. Arbeidarane som skal fjerne fjellet må bruke heildekkande drakter med surstofftilførsel når dei skal fjerne den 64 meter lange feittklumpen.

Problem i London

Fjerninga blir truleg ikkje sett i gang før i februar, og arbeidet kan bli forseinka om det blir kraftig regn.

I London skapte eit enormt feittfjell store problem i oktober i 2017. Fjellet var på størrelse med tre fotballbaner. Også i 2015 vart det oppdaga eit feittfjell på 15 tonn i kloakken under den britiske hovudstaden.

Årsaka er den same, at folk kastar feitt, olje og våtserviettar i kloakken .

– At slike fenomen oppstår også utanfor dei store byane, viser at dette er eit stort miljøproblem, seier Andrew Roantree i South West Water.

Sidmouth ligg ved kysten av Den engelske kanal i Devon i det sørvestlege England. Ligg rundt 23 kilometer søraust for Exeter. Byen er ifølgje Wikipedia ein populær feriestad og inngang til Jurassic Coast, som er på Unesco si verdsarvliste. Turvegen langs sørvestkysten går innom Sidmouth.

SISTE NYTT

Siste nytt