Då den øvste leiaren i Nord-Korea kunngjorde at han vil stanse alle atomprøvesprengingar og rakett-testar, sa han også at han ville stengje testanlegget for atomprøvesprengingar nordvest i landet.
– Teststaden i nord har fullført sitt oppdrag, sa Kim Jong-un under eit partimøte, ifølgje det nordkoreanske nyheitsbyrået KCNA.
No har to grupper med kinesiske forskarar funne ut at anlegget uansett ikkje kan brukast fordi det delvis blei øydelagt i den femte prøvesprenginga der i fjor haust.
Kollapsen førte til at det danna seg ein svær opning i fjellet, som ein «skorstein», som kan føre til lekkasje av radioaktive stoff, ifølgje forskarane.
Satellittbilete frå april 2017 viser prøvesprengingsanlegget Punggye-ri ved fjellet Mantap. Anlegget ligg rundt 80 kilometer frå den kinesiske grensa.
Foto: Airbus Defense & Space/38 North/Pleiades CNES/Spot Image via AP– Fare for lekkasje
Forskarane meiner det er reell fare for at radioaktivt avfall kan leke ut gjennom hol og sprekkar i den delen av fjellet som har rast saman.
Ein av forskarane seier til avisa South China Morning Post at kollapsen kan vere den eigentlege grunnen til at Kim Jong-un varsla at han vil stanse testane, og stengje anlegget.
- Les også:
Nord-Korea har gjennomført seks atomprøvesprengingar sidan 2006. Fem av dei er blitt gjennomført ved testområdet Punggye-ri, som ligg under fjellet Mantap nordvest i landet.
Fjellet har ikkje hatt synlege skader som følgje av testane før i 2017. Men under den femte sprenginga der, 3. september 2017, opna det seg eit hol som er nær 200 meter i diameter, ifølgje forskarane.
Dette frimerket blei utgitt i Nord-Korea i fjor for å hylle det som ble kalla ein «vellukka test» av den ballistiske raketten Hwasong-15. Raketten er motivet på frimerket.
Foto: Kcna / ReutersOmfattande målingar
Den eine forskargruppa blir leia av geologen Wen Lianxing, som arbeider ved universitetet for forsking og teknologi i Hefei. Han seier at kollapsen fann stad i ein tunnel rundt 700 meter under toppen av fjellet.
Wen konkluderte med at delar av fjellet hadde kollapsa etter at han hadde studert målingar frå nær 2000 seismiske stasjonar i området.
– Det er framleis nødvendig å følgje nøye med på om det vil oppstå lekkasjar som følgje av kollapsen, seier Wen sitt team i ei fråsegn.
Sør-Korea og Kina har lenge frykta at fjellet skal kollapse. No meiner forskarane altså at det har skjedd.
Rapportane skal publiserast i tidsskriftet Geophysical Research Letters, truleg neste månad.