Postapokalyptiske scener i Yutian, 100km aust for Beijing i Hebei provinsen.
Foto: PETER PARKS / AFPKina er berykta for sine røyklagde gater, og menneske som kjempar seg fram med maske om munnen utan å vere i stand til å skimte himmelen.
No viser det seg at utsleppa av drivhusgassar, der det meste kjem frå brunkol, er verre enn det som har blitt rapportert av Kinas statistiske sentralbyrå.
Brå auke i utslepp
For i den offisielle årboka frå 2014 blir det rapportert at Kina har brent 3,5 milliardar tonn kol i 2012.
I den nyaste versjonen av årboka frå 2015, blir utsleppa for same år, 2012, sett til 4,1 milliardar tonn.
Altså ei brå auke på 17 prosent.
Kolbrikettar på bakken etter eit samanstøyt med ei drosje. Kol blir brukt av dei fleste i Kina for oppvarming og matlaging.
Foto: GREG BAKER / APDet er ei undervurdering av utsleppa som svarar til dei totale CO₂ utsleppa til Tyskland, skriv nyheitsbyrået AFP.
Statistikk heilt tilbake til år 2000 har blitt endra, og AFP har ikkje fått noko svar på kvifor frå det kinesiske statistiske sentralbyrået.
Ein gatelampe framfor det andre kolkraftverket i Datong i Shanxi-provinsen.
Foto: JASON LEE / Reuters– Statistikken meir nøyaktig no
Ein rådgjevar ved Kinas nasjonale utviklingskommisjon seier at statistikken har blitt betre med åra. Dette fordi ein no får betre talmateriale frå provinsane.
Ein økonomiprofessor ved Renmin universitetet seier til AFP at dei nye tala er meir nøyaktige.
– Kol er ein vanleg ting i Kina, det er mange kjelder og det har vore vanskeleg å fange opp all bruken, seier Song Guojun til nyheitsbyrået AFP.