Hopp til innhold

Kevin McCarthy vil ikkje søkja attval som leiar

For første gong i amerikansk historie er leiaren i Representanthuset i Kongressen avsett i ei avstemming.

Republikanaren Kevin McCarthy må gå av som leiar i Representanthuset etter at eit fleirtal støtta eit historisk mistillitsforslaget mot han

Republikanaren Kevin McCarthy må gå av som leiar i Representanthuset etter at eit fleirtal støtta eit historisk mistillitsframlegg mot han

Foto: AP

Det vart ein dramatisk og historisk dag i kongressen tysdag.

Måndag kveld leverte republikanaren Matt Gaetz eit framlegg om å avsetje den mektige leiaren i Representanthuset, partifellen Kevin McCarthy.

For første gong i historia er leiaren for Representanthuset i USA kasta av sitt eige parti, etter at fleirtal støtte eit historisk mistillitsframlegg mot McCarthy.

Nå har McCarthy kunngjort at han ikkje vil søkja attval etter å ha vorte avsett som leiar i Kongressen, ifølgje republikanaren Kevin Hern.

– Eg kan ha tapt denne avstemminga, men når eg går ut av dette kammeret kjenner eg meg heldig som har fått hatt denne jobben, seier McCarthy i en pressekonferanse.

McCarthy sjølv hevdar mistillitsframlegget var personleg, og ikkje politisk motivert.

216 folkevalde stemde for å fjerna McCarthy, medan 210 stemde imot.

Fleire republikanarar frå ytre høgre fløy meiner McCarthy har brote lovnader han har gitt til dei, og ynskt å kvitta seg med han.

Åtte republikanarar stemde med Demokratane for mistillit mot han, ifølgje CNN.

  • Andy Biggs frå Arizona
  • Ken Buck frå Colorado
  • Tim Burchett frå Tennessee
  • Eli Crane frå Arizona
  • Bob Good frå Virginia
  • Nancy Mace frå South Carolina
  • Matt Rosendale frå Montana
  • Matt Gaetz frå Florida

Historisk avstemming

Det var Florida-republikanaren Matt Gaetz som reiste mistillitsframlegget mot McCarthy. Dei to har vore i konflikt i lang tid, sist no i helga, då McCarthy gjekk til Demokratane for å få eit mellombels budsjett på plass.

Eit mistillitsframlegg har berre vorte brukt to gonger tidlegare dei siste hundreåra mot republikanske leiarar – og har ikkje lukkast før i dag, skriv NTB.

USA-korrespondent Tove Bjørgaas er i Kongressen og forteller om kaotiske og historiske tilstander etter at Kevin McCarthy måtte gå av som speaker.

USA-korrespondent Tove Bjørgaas er i Kongressen og fortel om kaotiske og historiske tilstandar etter at Kevin McCarthy måtte gå av som leiar

I kongresskorridorane gjekk mange politikarar rundt i forvirring tysdag kveld. For dei som ville fjerne McCarthy, hadde ikkje nokon plan for kven som kan erstatte han.

Demokratane er i mindretal, og det er neppe aktuelt at moderate republikanarar støttar ein kandidat frå deira parti.

No er det kongressrepresentanten Patrick McHenry (R) som skal fungere til ein ny leiar er vald. Kevin McCarthy hadde utnemnt kollegaen i tilfelle ein krisesituasjon skulle oppstå.

USAs representant Patrick McHenry (R-NC) snakker til medlemmer av media utenfor kontoret til presidenten i USAs hus, Kevin McCarthy (R-CA), ved US Capitol i Washington, DC, 3. oktober 2023

Republikanaren Patrick McHenry vil fungere som leiar fram til vidare.

Foto: AFP

Kritiske veker

Det mellombelse budsjettet som Kongressen vedtok laurdag, sikrar berre finansiering av statsapparatet fram til 26. november. Etter det må staten stengje, om eit budsjett ikkje er vedteke.

Dei vanskelege budsjettforhandlingane gjer det endå viktigare å finne ny kongressleiar.

Det er også stor usemje om vidare milliardstøtte til Ukraina. Kevin McCarty lova Demokratane og Det kvite hus at han ville ta opp Ukraina-støtta til ei ny avstemming.

No er det uvisst når den kan bli.

Ikkje attval

Tysdag blei det klart at demokratar i Representanthuset ikkje ville bidra til å redde McCarthy frå å bli kasta.

Leiaren for Representanthuset blir rekna som den tredje mektigaste folkevalde i USA, etter presidenten og visepresidenten.

Det betyr at akkurat no har ikkje den folkevalde forsamlinga i USA nokon leiar.

McCarthy overtok som leiar etter Nancy Pelosi frå Demokratane. Han starta 7. januar i år og har den nest kortaste perioden i landet si historie.

Kven som skal etterfølgja McCarthy, er høgst uklart.

McCarthy kan i teorien søkja å bli vald på nytt igjen, men har no kunngjort til dei republikanske kollegaene i Kongressen at dette ikkje vil skje.

AP og Politico siterer også kjelder på at McCarthy har gitt beskjed om dette.

SISTE NYTT

Siste nytt